Ein rask tur på Storenakken etter orren vart meir til ei stille lysnyting på ein av dei mørkaste dagane i året.

DSC00032

Utsikt frå Korsabrua kl 15 i dag.

Knallhard avrong (gjennomfrosen snø). Gjorde at det nesten var vanskeleg å gå der det var bratt. Så vidt ein såg spora etter hjorten.

Orren var ikkje å sjå, men det gjorde ingenting. Nydeleg å sjå dagslyset svinne.

DSC00038

 Månen står allereide himmelhøgt over Elsanden kl 15 15. Og den er snart full!

Juleferga

Fint å vere fergemann på Hjørundfjorden slike dagar skulle ein tru.

Dei fleste er nok ferdig med julestrevet, då ein kan kjøpe seg fri for det meste no for tida.

Men endå er vi nokre som lagar til julaftasteikja sjølve.

DSC00018

Her er lamberibba oppdelt og klar. Steinar i Arnegarden på Moane har kjøtsag, og Frank og underteikna er frampå når den likevel er i drift.

DSC00024

Nydeleg ettermiddagshimmel.

DSC00035

Eit fredeleg julebord i Sledalen er også unnagjort.

DSC00025

Det ser kaldt ut, men inne er det godt og  varmt. Og vi sov godt.

DSC00023

No kan berre julekvelden kome!

                                            God jul til alle!