Full pensjon frå fyllte 62 år er kravet frå svært mange av oss.  I vår fyllte elektrikar Inge Aarseth 70 år, men framleis er han aktiv i yrket sitt.  Og ikkje berre det - onsdag i sist veke gjennomførte han nok ein gong arbeidsgjevaren Ose & Aarseth sitt oppdateringskurs.  Dermed kan Inge framleis halde fram med noko han tydelegvis likar godt, nemleg å vere aktiv elektrikar.

IMGP1625 (Large)

Det er ikkje første gongen Inge arbeider i eit sikringsskap.

Onsdag fann vi Inge Aarseth i lokala til Myklebust Miljø Møbler AS og Strandmann Maskin AS på Sæbø.  Denne gongen var det ein brytar på ei boremaskin som skulle skiftast ut,  varmekablar på matromet til Standmann Maskin AS som skulle koplast til og eit problem med ein fyrkjele skulle finnast ut av.

Inge, gratulerer med vel gjennomført oppdateringskurs.

- Takk, men det er vel ikkje så stort.  Det er berre noko som må gjennomførast både av omsyn til dei som skal leige en elektrikar gjennom Ose & Aarseth AS og oss som er elektrikarar.

OK, men du fyllte vel 70 år i vår?

- Det stemmer nok det....

Nei, Inge er ikkje den som brukar store ord.  Han gjer framleis arbeidet sitt på ein svært god måte.  Det er nok difor i alle høve  bondalingane set så stor pris på denne mannen.

IMGP1629 (Large)

Ein brytar på ei boremaskin hos Myklebust Miljø Møbler AS vert skifta av Inge.

Inge vart tilsett i Ose & Aarseth i 1954. Han har altså vore tilsett i mange år og han har fått gullklokke for innsatsen.  Som namnet kan tyde på,  har/hadde Inge litt slekt med dette firmaet.  Ein av grunnleggerane av Ose & Aarseth var Peder Aarset - ein mann som framleis er oppegåande.  Inge og Peder er syskjenborn.

Men Inge, kvifor er du så flink med-/interessert i elektriske motorar.  Strengt teke er det vel ikkje ditt arbeidsområde?

- Då eg byrja i Ose & Aarseth var det svært mange industribedrifter i Ørsta.  Når det oppstod problem - også med motorar - vart vi tilkalla.  Vi måtte sjølvsagt prøve å hjelpe etter beste evne sjølv om problemet ikkje akkurat var innan det vi var fagfolk på.  Men når det gjeld akkurat elektromotorar, så var ikkje det så ukjent for Ose & Aarseth, på denne tida vikla bedrifta også motorar sjølve.

Fyrkjelar er eit anna produkt Inge har jobba med.  Fyrkjelen på fotoet under var Inge med å montere på slutten av 60-talet - i dåverande Ringset Møbelfabrikk i Hovdebygda - i det bygget der m.a. Glasverkstaden i dag held til.  Seinare vart denne fyrkjelen flytta til den nye møbelfabrikken på Sæbø.

IMGP1621 (Large)

Inge framfor fyrkjelen som først vart montert i ein fabrikk i Hovdebygda.

Inge avsluttar med å seie at han set pris på at dagens leiing i Ose & Aarseth let han halde på som elektrikar på den måten han gjer.  Han er også glad for at helsa er god og så lenge den er det, vil han nok mest truleg halde fram med det han likar så godt - nemleg å vere elektrikar.

IMGP1640 (Large)

Hjørundfjordingen Arvid Stokke er dagleg leiar i Ose & Aarseth AS

Arvid Stokke, det er du som no er dagleg leiar i Ose & Aarseth, er det ikkje på tide at 70-åringen Inge Aarseth no gjev seg som elektrikar?

- Nei, slett ikkje.  Inge vil vi gjerne ha med oss vidare.

Dette seier du ikkje berre fordi du sjølv også er hjørundfjording?

- He, he... Eg forstår at du veit at Inge nyleg har oppdatert seg og gjennomgått oppdateringskurset vårt.  Det set vi stor pris på for då kan Inge framleis halde fram med å drive med elektrisk instalasjon.

Men han er 70 år...

- Det spelar inga rolle.  Heller ikkje Inge kan vere like godt oppdatert på alle område, men når det gjeld sitt arbeidsområde er han framleis levande interessert.  Han er ikkje berre ein montør, han er ein elektrikar som framleis er oppteken av å finne løysingar på problem sjølv om arbeidsdagen er over  - og løysingar det finn Inge nesten alltid.  Det seier seg sjølv at denne mannen vil vi ha så lenge vi kan.

Er Inge framleis tilsett hos dykk?

- Inge er ikkje lenger fast tilsett, men han er i vårt lønssystem.  Han leverer timelister - han arbeider ikkje like mange timar kvar månad, men vi har eit system som vi er nøgde med og som vi vonar passar for Inge.

IMGP1643 (Large)

For Arvid Stokke er nok pc-en ein viktigare arbeidsreiskap enn skrujarnet.