Det er framleis lettast for vêrobservatør Anne Hustad på Hustad å telje dei dagane i månaden det ikkje regnar.  I november var det seks dagar utan nedbør og det er vel ikkje så verst, undrar Anne.

IMG_3890 (Large)

Seks dagar utan nedbør i november hos Anne Hustad på Hustad.

Dei tørre tala er slik for november:

458,7 mm nedbør

Mest snø den 11. november - 37 cm.

Lengste perioda med opphald:  Frå den 18. til den 21. november.

Dagar utan nedbør: Seks.

Mest nedbør: Den 1. november - 72 mm.

Snø den 31. november: 2 cm.

Normalverdi for nedbør i november: 234 mm

Nedbør til no i år: 2732 mm

Normalverdi for årsnedbør:  2040 mm.

Vi ligg altså allereie langt over normalverdien for nedbør for heile året og, seier Anne, det har også vore nedbør dei to første døgna av desember... 

Og så står eit vesentleg spørsmå att:  Er det meir nedbør enn dette på Pettersbakkane i Ørsta i november?