Venstremargen
Kva i all verda er det som har kome opp i venstremargen på portalen? Nokon som skal tene pengar på tablettsal? Reknar med at det ikkje er berre eg som får opp desse linkane....
Lagt inn av
Dagny Riise Heggestad
22.11.2007 11:21
22.11.2007 11:21
Stikkord
Stikkord gjer det lettare å finne fram til stoff som er i ditt interesseområde. Du kan trykkje på eit stikkord for å få fram innlegg som liknar på dette.
Kommentarar
Ingen fare med meg iallefall. Syns dette er kjekt, og har ikkje tenkt å gi meg enno. =)
Tor Eirik Trandal
Du har eit godt poeng der Ivar S. Det er lett å begynne å ta for gitt at dei som allereie brukar mykje av si dyrbare fritid også skal fikse ting til alle døgnets tider. Portalens brukarar må ikkje gløyme dette, at alt er dreve på dugnad. Vi får alle håpe at Håkon og Tor Erik står på i lange tider framover:) (Løn får dei vel på "next level" )
Unn Frøland
Portalen er no sett under automatisk rensking kvar tiande minutt av uønska spam, av vår andre ekspert Håkon Trandal. Dette vil forhåpentlegvis medføre at brukarane ikkje vil merke noko av den uønska innbrytaren på sjølve portalen meir, men på bildegalleriet vil ikkje problemet verte løyst før skurken er lokalisert ved domeneshop.no, og hans ip-adresse er sperra ute for alltid.
Det hadde ikkje skada at nokon sende ei lita tilbakemelding til desse to karane våre som arbeider trufast for at vi andre skal ha ein portal som fungerer til ei kvar tid.
Ivar Svein Mo
Det hadde ikkje skada at nokon sende ei lita tilbakemelding til desse to karane våre som arbeider trufast for at vi andre skal ha ein portal som fungerer til ei kvar tid.
Ivar Svein Mo
Hjørundfjordportalen Administrator
Eg driftar eit par nettsider og har der hatt lykke med at mappene og adressene er på norsk, eksempel:
ikkje guestbook men gjestebok, ikkje sign men skriv o.l. fleste av desse angrepa kjem utandlands og søkestrengane dei bruker for å finne hol er nok på engelsk.
ikkje guestbook men gjestebok, ikkje sign men skriv o.l. fleste av desse angrepa kjem utandlands og søkestrengane dei bruker for å finne hol er nok på engelsk.
Arnfinn Mork
Det er nok ikkje berre med deg Dagny det er medikamenttilbod i venstremargen, det er nok i heile portalen, og ikkje minst i Bildegalleriet. Vår webmaster Tor Eirik, har fjerna dette dei to siste kveldane, men det kjem att like fort. Han meiner problemet ligg ved domeneshop.no som er vår driftselskap, og som vi betaler for å beskytte vårt domene namn.(hjorundfjord.no og hjørundfjord.no)Utanforståande hackarar har brote seg inn og knekt kodene, så her må nye passord på plass. Vi må rekne med at det vert jobba på spreng for å fjerne desse uønska brukarane av portalen. Vi skal informere når vi veit noko meir.
Ivar Svein Mo
Ivar Svein Mo
Hjørundfjordportalen Administrator