Alle dei 37 damene som var på julebordet var samde om ein ting - dei to initiativtakarane til strikkekafeen, Ann-Helen Urkegjerde og Ingvild Åmbakk, fortener all den ros dei kan få.  Dei to har gjort ein kjempeinnsats.

IMG_0177 (Large)

Ingvild Åmbakk(t.v.) og Ann-Helen Urkegjerde.  Legg merke til det flott pynta bordet i bakgrunnen.(Foto: Åshild Taklo)

Det er ikkje meir enn vel eitt år sidan strikkekafeen starta opp.  Likevel er det no ca. 35 damer som møter opp kvar onsdag på bedehuset på Sæbø.  Ingvild og Ann-Helen opplyser at det heile er svært uformelt, dei opnar dørene klokka 19 og stengjer ca. klokka 2230, men folk kan kome og gå som det passar.  Men sist onsdag gjaldt det å møte opp presis - då vart det arrangert julebord som avslutning på haustsesongen.

IMGP1380 (Large)

Hovudretten er fortært og stemninga er stigande på julebordet.

Strikkekafeen brukar å halde hus i kjellarstova på Bedehuset på Sæbø og det var også her julebordet vart halde.  No kan ein kanskje stusse på dette med bedehus og julebord, men etter det ein kunne sjå var det korkje snakk om oveting eller ovdrykk.  Men same kva - betre stemning på eit julebord enn det som det var på bedehuset onsdagskvelden, skal verte vanskeleg å finne.

Sjølvsagt var det underhaldning også, det er mange talent i Hjørumdfjorden, Anne Margrete Steinsvik er eit av dei.  Ho las m.a. frå heftet "Jul på Sunnmøre".  Problemet ho hadde, var at det vart for mykje latter slik at ho fekk lese skikkeleg.

IMG_0182 (Large)IMGP1379 (Large)

Til venstre er det høgtidleg opning av julebordet v/Ann-Helen og Ingvild.  Til venstre les Anne Margrete Steinsvik frå heftet "Jul på Sunnmøre".

IMGP1385 (Large)

Kjøkendøra er ein fin stad å lese frå, meiner Anne Margrete.

Hovudretten til julebordet vart kjøpt på Sagafjord Hotell, og desserten/kakene vart kjøpt på... Nei, nei, det får vere grenser.  Damen hadde sjølvsagt laga det som stod på dessertbordet sjølve.

IMGP1415 (Large)

Her er det frå venstre Inger Riise, Bjørg Kvistad, Else Årseth og Jorunn Hustad som forsyner seg frå dessertbordet.

IMGP1406 (Large)

Så var det Invild sin tur å underhalde.  Underteikna fekk med seg at det var klokt å bruke Zalo i oppvaskmaskina, eller?

Skal vi kome litt tilbake til strikkekafeen, så nemner dei to eldsjelene at dei er glade for alle som møter, men det er plass til fleire.  Det hadde vore ekstra kjekt om fleire yngre møter opp.  Då kan det også verte lettare å lære av kvarandre, noko som er eit av mottoa til strikkekafeen.  I dag er nok Lavin på 23 den yngste som deltek, men det er altså plass til fleire yngre.

IMGP1387 (Large) 

Lavin på 23(nr. 2 frå venstre) er den yngste på strikkekafeen.

Strikkekafeen har ikkje noko formelt styre, men Ann-Helen seier at ho og Ingvild har eit uformelt plastnett der det mest nødvendige vert plassert (Kvar har dei fått det tipset ifrå, tru?).  Dei to har stort sett møtt opp kvar onsdag og fått laga til mat og kaffi og det er stort sett gått fint.  Skulle det likevel vere nokon som kunne tenkje seg å hjelpe til, vil dei to nok ikkje seie nei takk.

Elles er dei glade for at dei slepp å betale husleige til Bedehuset, men til gjengjeld har damene på strikkekafeen fått laga i alt fire lappetepper - lappetepper som er gjevne bort til ulike basar. - Det er kjekt at vi kan gje noko tilbake, seier Ann-Helen.  Akkurat no held dei forresten på å laga eit lappeteppe av tova ull.  Kvar dame lagar sin lapp.

IMGP1398 (Large)

Ein "formell" plakat til strikkekafeen.

Til slutt kan det nemnast at strikkekafeen gjerne brukar å ha besøk av "gjesteforeleserar".  Dei har m.a. hadde besøk av Volda Mode og Manufaktur og to "løfsedamer" og mange fleire.  Dette er populært og det vil dei halde fram med.  Og etter nyttår?  Då startar vi opp igjen - kvar onsdag.  Alle er velkomne, seier Ann-Helen og Invild.