Laurdag og søndag hadde Dalane skulekorps og Sæbø skulekorps øvingshelg på Samfunnshuset i Follestaddalen.

 korpset

Hovudkorpset starta laurdag føremiddag og heldt på til langt ut på ettermiddagen. Vi hadde gruppeøvingar og fellesøvingar.

 Gruppeøving

Nokre av musikantane i Follestaddal Hornmusikk; Leif Petter Øyehaug, Linda Aarseth og Sigrid Anette Vatne, stilte opp som instruktørar i tillegg til dirigent Ann-Helen Sørhaug.

 Instruktør

Allereie på gruppeøvingane merka vi tydeleg framgongen hos korpsmusikantane. Dei var så flinke at dei fekk ekstra notar å øve på. Sånn skal det vere!!!

 

Ut på ettermiddagen kom juniorane og øvde i lag med hovudkorpset. Seinare kom også førsteårsaspirantane og øvde på det dei skulle spele på basaren søndag.

 Hørselskada?

Når det er øvingshelg er det ikkje berre speling og øving som står i fokus. Det sosiale aspektet er like viktig. Difor hadde vi eit par lange pauser på laurdagen, der det vart tid til både mat og diverse kortspel.

Pokerfjes? 

Det skal vere triveleg å spele i korps. Musikantane fekk både vafler, brødmat og masse frukt. Det var ingen ting å seie på appetitten.

Vaffeljenter 

Etter øvinga laurdag rigga ein til eit stort bakstebord i matsalen i kjellaren. Her skulle det lagast pizza og alle fekk hjelpe til!

Pizza 

Det vart fem store pizzaer og nesten alt gjekk med. Siste post på programmet laurdag kveld var film for alle, noko som også var populært.

 

Alle var slitne etter den lange laurdagen, så klokka 21.00 var det tid for å fare heim og få seg ei god natts søvn.

 

Søndag starta vi i 13-tida. Da var det tid for siste finpuss før basaren, både for aspirantar, juniorar og hovudkorps. 

Siste øving

Kl. 15 var basaren til Dalane skulekorps i gong og alle musikantane fekk vise fram det dei hadde lært i løpet av helga.

 

Det var dei sju førsteårsaspirantane som fekk opne konserten. Dei spelte to små songar, og dei har lært mykje sidan dei starta i august. Alle saman er 8  år og går i 3. klasse. Tre av dei er frå Sæbø og fire er frå Dalane.

 Aspiranter

Så var det hovudkorpset sin tur og dei spelte fem melodiar.. På det første stykket, «Napoleon med sin hær», var fem juniormusikantar (tre av dei er frå Sæbø) med og spelte. Desse har spelt i eitt år, nokre litt meir også.  I løpet av året skal dei gradvis få vere med og spele meir og meir med hovudkorpset.

 Aspirant og junior

Aspirantane og juniorane får opplæring gjennom kulturskulen i Ørsta. Måndagar kjem Ann-Helen Sørhaug til skulane og gjev undervisning i ordinær skuletid. Denne opplæringa bør dei få i to år før dei er klar til å gå over i hovudkorpsa.

Kvar gong Dalane skulekorps og Sæbø skulekorps opptrer merkar ein framgong. Dette var også tilfelle på basaren. Musikantane har verkeleg jobba fint denne helga!

 

Samarbeidet mellom Dalane skulekorps og Sæbø skulekorps starta i haust. For Sæbø sine musikantar er dette eit vere eller ikkje vere. Utan Dalane hadde dei ikkje fått fortsette å spele og for aspirantane våre er det viktig å få del i eit større korps så dei har noko å sjå fram mot.

 Det er kjekt å spele i korps når ein er så mange at det vert musikk av det ein spelar!

Og korpset har god plass til fleire…

 

Ekstra kjekt er det at mødre frå Dalane og ein bestefar frå Sæbø er med og spelar!

 Generasjonsspill

Etter  mykje loddsal, nydeleg god mat og tombola, var det tid for ei avdeling med Hornmusikken frå Follestaddalen og Bondalen. Det aller første stykket, «Offshore blues», blei framført som fellesnummer i lag med Dalane og Sæbø.

Fellesnummer 

Deretter overtok hornmusikken scena åleine, under dirigent Arild Andenes. Til slutt skulle bøkene trekkjast, og her var det mange fine gevinstar.

 Ein del av øvingstida i helga gjekk med til å førebu julerepertoaret. Om nokre få veker er det adventstid og då skal julesongane vere innøvde. Søndag 9. desember skal Dalane skulekorps og Sæbø skulekorps spele på julemarknaden på Grendahuset i Bondalen.  Då vert det mykje fin musikk! 

Vi vil takke alle som støtta Dalane skulekorps på basaren og håper på godt frammøte på Bondalen Grendahus.

Med helsing frå Ann-Helen Sørhaug og Kari Stokke