Ingressbiletet viser at Sæbø IL sine utøvarar kan gjere bygda stolte. Det er nemleg jubelbiletet av dei fenomenale fotballjentene som tok bronse i Norway Cup i år - ein av Sæbø IL sine sterkaste prestasjonar gjennom alle dei snart 75 åra laget har eksistert.
I år rykte også A-laget i fotball opp i femte divisjon, og det var stor aktivitet i dei aldersfastagde klassene i fotballen. I handballen er det ein sjeldan stor aktivitet, og utøvarar frå Sæbø IL er i landslagsdiskusjonen på gute- og jentenivå.
A-laget rykte opp, og er klare for femte divisjon i jubelsesongen.
Gode sportslege resultat er viktig, men for eit bygdeidrettslag som Sæbø IL, er breidda det viktigaste. Å kunne ha eit tilbod til alle er overordna. Det gjeld særleg i barne- og ungdomsidretten. I desse bygdemobiliseringstider må vi stendig minnast om at idrettslaget sine tilbod for barn og unge er med på å gje dei unge eit positivt bilete av bygdelivet.
Barneidrettsgruppa gjer ein kjempejobb i så måte, og også fotball- og handballgruppa. Nytt av året er at idrettslaget har fått ei eiga trimgruppe, med fokus på vaksenaktivitet. I trimgruppa sin regi vert det drive aktivitetar innandørs i gymsalen (vi må snart ha ein ny) og utandørs med måndagstrimmen og fjelltrimmen.
Det gror godt i handballsporten i Sæbø IL.
Sæbø IL er i høgste grad oppegåande, og er klare for jubileumsåret. Styret i laget drøfta jubileet på styremøte onsdag, og er innstilte på at jubileet skal brukast til å fremje aktivitet. Då er idrettslaget avhengige av innspel. Dei ymse gruppene i laget vil få lov til å ta iniatiatv sjølve, og hovudstyret vil nok også kome med tiltak. Men styret ynskjer å få innspel. Gjerne her på portalen, men også direkte til laget. Sentrale personar er Eldbjørg Tvegrrov, Bodil Skare, Øyvind Taklo og Mari-Anne Bjørdal.
Det første folk vil sjå, er at vi endrar litt på logoen vår i jubileumsåret. Frå 1. januar vil logoen, slik han vert i annonsar i avisene og eventuelt på nye drakter, ha "75 år" på seg. Kanskje vert det også t-skjorter og krus t.d. som markerer idrettslaget sine 75 år.
Trim i fjell og dalar er ein av Sæbø IL sine aktivitetar, sjølv om dette biletet er meir Bjørke IL si ære. Det er frå overgangsturen Finnes - Sledalen.
I ein artikkel på portalen i mars i år, vart det lista nokre idear om tiltak. Desse vert repetert under, men det er berre idear, og ingen forslag. Her må ideane myldre. Velkomne med forslag.
Idear - i uprioritert rekkjefølgje:
1) Veterantunering for menn i fotball på Sæbø stadion. Ymse årgangar av Sæbø-lag sett saman, kanskje mot andre klubbar i same års- og vektklasse.
2) Handballturnering for born på bana vår.
3) Fotballturnering for born, jenter og gutar.
4) Sjuarturnering i fotball old-bys herrar.
5) Sjuarturnering i fotball for damer. (Den einaste noregsmeisteren i fotball Sæbø IL har skapt, heiter Katrine Nydahl).
6) Triathlon: Symjing badestranda til trappa på kaia, sykling frå Sæbø til øvste parkeringsplassen i Kvistaddalen, og løp opp til toppen på Skårasalen.
7) Badestemne på Kapteinskvia/badeplassen (sjølvsagt i slutten av juli).
8) Freeride Dalagubben ned til Sæbø om vinteren.
9) Skiløp frå Heimste-Holen over Keipen og ned Skondalen til Sæbø.
10) Skiløp frå Follestaddalem samfunnshus opp til Frølandsdalen og ned med målgang Sæbø stadion.
11) Løp frå Finnes til Sæbø, sommar eller vinter.
12) Rise rundt og/eller Kvistad rundt: Terrengløp på vårparten med start og mål på Sæbø stadion: Så mykje rampe og gamle vegar som mogleg.
13) Olavshola opp: Ein mildare variant av Saudehornet.
14) Sykkelløp for barn og unge med postar (har vi allereie)
Helsing Rune Sæbønes
Nestleiar Sæbø IL
Kommentarar
Finnes _ Rognedalsstøylen som Skjåstaddalen Ungdomslag og Naturfestivalen arrangerte i 2006
Eit spørmål?
Mange plasser var det Ungdomslaga som startet opp med sportselige aktiviteter (seinare kalla idrett)
Var det Ungdomslaget på Sæbø også som startet opp med aktiviteter ? (Hopp-Ski-Fjellturer)
Bondalen Ungdomslag var sikkert på Standalseidet og hoppet og rann på ski i 1910-30
Mange bilder frå Standalseidet i arkiva.
Er spora av hoppbakken heilt vekk nå?
Ein kunne til dømes dele etter vikinggardar for å få med historisk konkkunrase? Eg har for lite kunnskap om korleis Sæbø og Hjørundfjorden såg ut på vikingtida til å svare på om det let seg gjennomføre.
Eventuelt kan nokon som kjenner til kvar folk som kunne være med på å spele slike kamper bur og utnevna "kapteiner" eller lagleiarar for områder?. Til dømes "fjorden" (Standal/trandal/øye/bjørke/) Sæbø (Sæbø sentrum /sæbøneset/hustadneset) Rise (rise/årskog/holen) Mitre bondal? Framste bondal? Kanskje sæbøneset vil stille eige lag? Kanskje bjørke kan stille eige lag? ikkje veit eg?
Men ein ting er eg ganske sikker på. Ein variant av ei slik turnering ville skapt stort angasjement og samla mykje folk. Breidde og beinhard konnkuranse på ein gong.
Rise kjøme til å vinne! ;)
Bondekamp, eller "farmers challenge"
Med øvelser som melkespannkasting, bære tømmerstokk, stable sementsekker på tid, kappsaging, vende traktorhjul e.l. Tenker det skiller seg ut fra det kondisjonskrevende, går på styrke og teknikk. Kan nok lokke til seg "sterkinger" fra fjern og nær. Svært publikumsvennlig. Dame og herreklasse?
Årlig happening på Hjørunfjorddagane?
Steinkasting på dommeren er vel ikkje vanlig lenger.
Slike arrangement som det legges opp til i 2008 skulle vi hatt mer av ellers også. Det skaper virkelig trivsel. Og er arrangementene enkle og oversiktlige blir det ikke uoverkommelig å arrangere dem ofte.
En utfordring for idrettslaget fremover er de små barnekullene vi har nå. Det er vanskelig å stille lag både i håndball og fotball og vi blir avhengige av at alle deltar.
I høst/vinter har vi f.eks. 6 gutter i 4. og 5. klasse som er helt uten idrettstilbud på Sæbø. Interessen og lysten er til stede, men de er for gamle til å kunne delta i tilbudet fra allidrettsgruppen, for få til å få eget tilbud og ikke villige til å reise helt til Ørsta på håndballtrening.
God rekruttering krever kontinuitet i tilbudene.
Den nye trimgruppen i laget er bra. Kanskje kunne denne gruppen organisere trimturer for barn/familier også så vi fikk et tilbud til de som ikke er fortrolige med ballspill? Unger synes det er kjekt å gå sammen med venner.
Kanskje skulle vi arrangert lek-dager der unger i alle aldre kan samles til varierende aktiviteter, sommer og vinter.
En ting er i alle fall sikkert: Vi får ikke mer moro (og aktivitet) enn vi lager sjøl!
Tema i år er spor av fritidsaktiviteter og det må no vere eit aktuelt tema for idretten.
Lager dere til eit allsidig program så kan dere vinne 30000 kr
Ungdomslaget vårt blei nr 2 i År.
TEMA FOR KULTURMINNEDAGEN 2008: MANGFOLDIG FRITID.
På Kulturminnedagen 2008 settes søkelyset på fritid. Hvor og hvordan har vi brukt og bruker fritiden vår? Hvilke spor viser fritiden i landskapet?
Ta med dei andre laga på Sæbø og bli med på denne dagen.(husk Kulturhus og aktivitetene der også fritidsaktiviteter
Eg har fått tips om korleis vi kan lage til denne dagen frå ledelsen i kulturminnedagen.
Den som ikkje er med kan heller ikkje få premien.
Tips frå meg kan dere gjerne få.
Vi manglet sikkert desse tinga i år for å gå heilt til tops.
Utstilling av bilder frå tidligere tider og kanskje vi skulle ha laget en folder.
Husk fristen for innsending av programmet i juni.
Skispor?
Spor av den finnes sikkert ennå.
Eg trur dei bygde overrenn også der.
Her er heilt sikkert spor etter gamle hoppbakker
fleire plasser då dei måtte rydde skogen.
Har folk navn på desse bakkene dei brukte.
Det er i grunnen rart at det ikkje blei bygd hoppbakker i 1960 - 80
På Bjørke hadde vi planer om hoppbakke ved skulen.
Hoppbakker burde vi ha i Ørsta Kommune.
Hopprenn var alltid kjekt med mykje moro og stunt.
Hopprenn hadde vi ofte på Bjørke før i tida.