Kommentar til Rune Vartdal sitt innlegg i Møre-Nytt i dag. "Ørsta kommune og torskeoppdrett i Hjørundfjorden."

Eg skal ikkje gjere meg til talsmann for korkje Ørsta kommune/FUM eller Ørsta jeger og fiskeforeining. Det klarer dei godt sjølve. Men svar på R.Vartdal sitt konkrete spørsmål vil eg kome med.Han syner til Ørsta Jeger og Fiskeforeining sitt problem med å skaffe stamlaks på 80-talet. Same problem hadde vi i Bondalselva.

Så til spørsmålet: "Eg er takksam for ei god forklaring på kvifor villaksen var i så stor tilbakegong før oppdrettsnæringa visste kva lus var for noko." (Det ligg forøvrig implisitt i spørsmålet at oppdrettsnæringa ikkje innsåg konsekvensane av den kolossale oppblomstringa av lakselus. Forøvrig heller ikkje villaks/elveinteresser. Kunnskap om konsekvensar har først dei seinare åra modnast.)

Etter dei rike lakseåra på 70-talet gjekk fangstane gradvis nedover. (Jmfr. statistikk.) Grunnen var det raskt aukande sjøfisket etter laks. Mengda av drivgarn auka. Monofilamentgarn(sengarn) "gjorde sitt inntog." Med sin effektivitet. Krokgarn av nettopp monofilament, laksenøter, laksegarn, auregarn og makrellgarn representerte eit vanvittig overfiske. Tek ein med eit ulovleg fiske på sjøen, overfiske i elvane med bl.a for lang fisketid, låg det i korta at villaksstamma ville kollapse om ikkje noko vart gjort.

Etter ein lang kamp for å få myndigheitene til å innsjå galskapen, fekk villaks/elve interessene gjennomslag. (Her vil eg gje ros til no avdøde Rasmus Ørstavik i Ørsta Jeger og Fiskeforeining. Han var frontfiguren.)

I 1988 vart restriksjonar innførde. Drivgarn vart forbode. Monofilamentgarn, laks og auregarn likeeins. Makrellgarn skulle senkast ned til 3 famner på fjøre sjø for å hindre at laks vart teken. I elvane vart fleire restriksjonar innførde. Innkorta fisketid, forbod mot reke som agn, m.m. Resultatet?

Frå og med 1989 vart fangstane i elvane mangedobla. Frå under 1000 kg i 1988, vart det i 1989 teke over 10 tonn i Bondalselva. Same utvikling i Ørsta-elva og dei øvrige elvane på Sunnmøre. Vi jubla! No var villaksen berga, trudde vi. Åra frametter var gode. Kultiveringsarbeid og forvaltning gjekk med liv og lyst.

Så byrja vi frå midten av 90-talet å merke nedgongen. Eg hadde eit utstrakt samarbeid med Dir. for Nat.forvaltning desse åra. Bl.a sende eg inn om lag 1500 skjelprøver for å fastslå innslag av oppdrettslaks. Samstundes merka eg ei kolossal auke av lakselus på inngåande laks. Frå vanleg 4-7/8 talde eg opp mot 200 på enkeltfiskar! Eg fekk då i oppdrag å notere ned også antal lus på fisk eg sende inn prøver av. Direktoratet byrja sjå samanhengen.

Dette fall saman med ekspensjonen i oppdrettsnæringa. Treng eg seie noko meir........?

Det må vere ei form for "selektiv" glemsel, Rune Vartdal. Har du ikkje fått med deg alle undersøkingane som stadfester samanhengen mellom oppblomstringa av lakselus og dødelegheit på utgåande smolt? Undersøking i Sognefjorden syner at opp mot 90% stryk med. Kva vert då att? 3-4 lus på smolt er nok til at han kreperer.

Med tanke på det minimale sjøfisket etter villaks har aldri tilhøva vore betre for rike villaksstammer enn i dag. Fangstane syner det motsatte. I Hjørundfjorden er det kun nokre få laksenøter. Alt dette skulle tilseie at vi skulle gått "turrskodde" over laks i elvane.

Eg vonar dette er svar på spørsmålet ditt referert ovanfor.

Storfjorden, Nordalsfjorden og Hjørundfjorden med sine 22(!) lakseførande vassdrag burde ha vore spart for oppdrett. Som Dir. for Nat.forvaltning etter ei 10 år lang høyring foreslo. Det er heller ikkje tilfeldig at samtlege elvar i fjordsystemet er utsett for same utvikling.

Ørsta kommune har stilt Vartdalsfjorden til rådvelde for oppdrett. Det må vere nok! Hjørundfjorden må verte prioritert annleis.