J10 Ørsta!
Lise og Marta representerar Sæbø på dette laget og dei var søndag til Hareid for å spele kamp. Resultatet vart uavgjordt 4-4.

Marta og Lise
Marta og Lise kom til Ørsta for å heie  på J16 etter å ha spelt kamp på Hareid!

G14 Ørsta/Åmdal/Sæbø
Gutane var laurdag til "bya" å spelte kamp mot Rollon/Aksla 2 og Aksla/Rollon. Det vart tap i begge kampane.
Søndag var det kamp i Ørstahallen mot Langevåg og det vart siger 16- 13 etter ein spennande og jevn kamp der gutane spelte godt! I denne kampen var Petter, Jonas og Martin med frå Sæbø og Martin frå Åmdal.

G14 1
G14, flott innsats av gutane søndag!

J14 Åmdal/Sæbø/Ørsta
Dette var andre kampen til jentene som er eit samarbeidslag mellom Åmdal, Sæbø og Ørsta og består av spelarar f. 1993.
Kampen vart aldri spennande. Jentene gjekk rett i angrep og viste mykje fint spel!
Flotte pasningar, godt forsvarsspel og mange flotte redningar av Monica, gjorde at jentene kunne gå til pause med ledelsen 14-5.

J14 01
Monica, Hanne, Michelle, Karen og Aina i forsvar.

Andre omgang fortsette i same spor og jentene kunne gå av bana med siger 24-8!

J14
J14, desse jentene var med søndag: bak f.v. Karen (3 mål), Michelle (4), Else Marie(4), Hanne, Elise, Emilie og
Aina (4).
Framme f.v. Emilie, Ingeborg (1), Susanne og Malene (8). Monica fremst.

J14 Åmdal/Sæbø/Ørsta 2
Jentene (f. 94 og 95) var laurdag til Brattvågen og spelte kamp mot Haram der resultatet vart uavgjordt 10-10.
Flott!

J16 Sæbø/Åmdal
16-års laget spelte også kamp mot Valder søndag, og dette vart ein utruleg spennande kamp!
Lage følgde kvarandre tett fram til pause der resultatet var 7-8 til Valder.
Etter pausen kom Sæbø/Åmdal best i gong og viste mykje fint spel!
Dette var ein fartsfylt og god kamp der jentene, spesielt i andre omgong, fekk vise kva dei er gode for! 
Sluttresultat 24-18 og siger til Sæbø/Åmdal!
Desse jentene var med i dag: Rebekka, Malene (7 mål), Else Marie (7), Elisabeth, Liv Grete (5), Torill, Tiril (2), Sara, Kathrine (2), Marita og Karoline (1).

frosvar1
Forsvar: Rebekka, Malene, Tiril, Liv Grete, Sara og Marita.