Er det revefarmen til Statskonsulent Jens J. Nordang i Knutegarden på Nordang?
Med studiereiser til Canada,Russland, Tyskland og Sverige forsket han på sjukdom på pelsdyr, og i 1930 gav han ut ei banebrytande lærebok om pelsdyrsjukdomar. Han gjorde og reiser til Russland som sakkunnig i pelsdyravl.
På Nordang forbedret han stell ( bur med nettinggolv og nytt ernæringsrikt tørrfor).
Han hadde mange gode hjelparar. Søsterdottera Johanne B. Skylstad, til dømes, (som med husmorskole frå Stabekk laga selskapsmat i Oslo, )flytta tilbake til Norangsdalen for å servere mat til revane på Nordang !
Frå Norges Pelsdyralslag fekk æresmedlemmet Jens Nordang ei nydeleg sølvskål, der beina var flotte skulpturerte sølvrevar som strekte seg opp på to.Skåla gav han til Sunnmøre Museum.
Les også i Årbok 2006... (19.11.2007 kl. 22:00)
Årboka for 2006, side 162 - 177, har ein flott artikkel om pelsdyroppdrett på Øyelandet, skrive av Leiv Øye Nordang. Dette er inneliinga til fleire artiklar som omtalar reveoppdrett i andre bygder. Desse kjem i årboka for i år.
Leiv har funne fram fleire bilete som viser korleis dei første revegardane vart bygde, eit høgt gjerde, slik biletet øvst på sida viser. Sjukdom, snyltarar og misfarga pels førte til at revegardane måtte hevast opp frå jorda.
Øyelandet har ei imponerande samling av pelsdyrgardar og biletet side 166 (årb.2006) gir eit fantastisk oversyn over omfanget. Her har det vore vist ein vilje til å halde ut i vanskelege tider og brukt vett i gode år. Det var ikkje slik alltid då den argaste "revefeberen" herja i bygdene. Les meir om dette i komande årsskrift!!
Per Urke
Les årboka 2007, til Hjørundfjo (18.11.2007 kl. 23:42)
Den komande årboka som kjem ut snart, vil behandle pelsdyroppdrettarane i Hjørundfjorden. Her vil folk kunne lese om den store satsinga enkelte gjorde i pelsdyr.Som tidlegare år ventar skriftstyret med Jarle Walseth som redaktør, at dette skal verte ein bestseljar i år også.
Ivar Svein Mo