Etter det Hjørundfjordportalen hjorundfjord.no kjenner til, vert lokalavisa Møre-Nytt i Ørsta frå og med i dag, laurdag 24. november 2007, trykt i formatet 597 x 375mm når den er opna. Denne storleiken vert populært kalla tabloidformat. Denne lokalavisa, som no i det alt vesentlege er eigd av Sunnmørsposten, vert etter dette trykt i Sunnmørsposten sitt trykkeri i Breivika i Ålesund. Møre-Nytt får også fargetrykk.
Møre-Nytt kjem no ut i tabloidformatet og får også fargetrykk.
Det kan også opplysast at ei av hovudsakene til Møre-Nytt (på framsida) denne historiske laurdagen, er frå Hjørundfjorden. hjorundfjord.no har prøvd å få ein kommentar frå journalist Rune Sæbønes, men har ikkje lykkast.
Kommentarar
Då treng vi ikkje å bruke heile kjøkkenbordet når vi skal lese i avisa.
Portalen og Møre Nytt er ikkje konkurenter.
Ei Avis i hendene er noko heilt anna eller å sitte ved en pc.
Eg foretrekker også ei god bok i hendene.
Eg håper dei ikkje legg ned bokbåten.