Klikk på fotoa for stor versjon.

Første gang underteikna var innom det som i dag heiter Kleven Verft AS, var i 1981.  Den gongen fekk eg helse på sjefen sjølv - ein svært så triveleg  kar med namnet John Kleven.  Sidan den gong har mykje hendt ved dette tradisjonsrike verftet, men arbeidsmiljøet tykkjest vere det same gode.  Roy Lillebø og underteikna vart i alle høve svært så godt mottekne både av tilsette ved verftet og representantar frå reiarlaget DOF tidlegare denne veka då vi skulle inspisere det nesten ferdige supplyskipet ”Skandi Mongstad”.

IMGP1232 (Large)

 "Skandi Mongstad" ligg no ved kai ved Kleven Verft AS

 

Den som har gode kontaktar er heldig.  Underteikna sette stor pris på- og takka sjølvsagt ja då Roy Lillebø frå Sæbø inviterte  til tur til  Ulsteinvik. Målet var å få inspisert bygg nr. 317 ved Kleven Verft AS og ikkje minst få helse på ein av dei som arbeider med å få skipet ferdig i tide  – bondalingen og hjørundfjordingen Lars Helge Riise.  Roy Lillebø er elles velkjent for hjorundfjord.no sine brukarar og han var inntil nyleg tilsett i reiarlaget DOF – som kaptein  på supplyskipet ”Skandi Barra”.

IMGP1234 (Large)

Roy Lillebø(t.v.) og omvisaren vår - mannen med det flotte namnet - Gregers Gram frå Drammen. Dei to står her på dekket.

Roy hadde på førehand avtalt med bygginspektør og skipselektrikar Gregers Gram at vi to skulle få kome ombord i nybygget.  Og det var Gregers som personleg møtte oss ved inngangsporten med to hjelmar i handa.  Det var også denne svært så trivelege karen frå Drammen som viste oss rundt denne dagen. Mens vi venta på Gregers, opplyste mannen i luka ved porten at det er ca. 500 som er tilsette ved verftet.  Av dei er ca. 350 utlendingar. 

IMGP1246 (Large)

Fire muntre herremenn på brua.  Kaptein Oddvar Runde nr. 3 frå venstre.

 

Reiarlaget DOF har no i den hektiske sluttfasen fleire inspektørar om bord på bygget.  I tillegg til Gregers fekk vi også møte ein annan av dei – sjøkaptein Oddvar Runde.  Runde bur i Volda, men er fødd og oppvaksen nettopp på Runde.    Runde skal også vere kaptein på den første turen til ”Skandi Mongstad”.

 

Før vi går inn i skipet, må vi ha nokre tørre fakta:  Typenemninga er som sagt VS 495 DEM – PSV.  DEM står for diesel, elektrisk, mekanisk.  Det nye her – i høve til andre supplyskip - er direkte drift av hovudpropellen/framdriftspropellen.  Det går m.a.o. ein aksling - skal vi tippe på 40 m - frå hovudmotorane og bak til propellen.  Det som er vanleg er at motorane lagar elektrisitet som igjen driv propellane.  Det må likevel understrekast at hovudmotorane på dette skipet også lagar elektrisitet som igjen driv t.d. thrusterane. Dette skal vi kome tilbake til.

IMGP1259 (Large)IMGP1258 (Large)

T.v. ser vi i akslingen( brun) som går frå hovudmotorane (t.h.)og bak til framdriftspropellen. Akslingen har ein diameter på over 30 cm.

 

Skipet er 96,90 m langt, 21 m breidt og ca. 40 m høgt.  Det er normalt ca. 5 m djuptgåande.  Skipet har motorar frå MAN B&W – to hovudmotorar på 3000 kw og to hjelpemotorar på ca. 1500 kw.  Det må sjølvsagt nemnast at gearen er laga ved Scana Volda.  Arealet på dekket er ca. 1030 m2 – vel eit mål - og farta er oppgjeve til å vere 16,6 knop, men kaptein Oddvar Runde opplyste at målingar kan tyde på at skipet vil gjere ein knop eller to meir.

IMGP1247 (Large)

Dekket på 1030 m2 sett frå brua.  Bakerst er det rigga opp preseningar.  Dette fordi målararbeid pågår.

IMGP1255 (Large)IMGP1254 (Large)

Kvar av dei to hovudmotorane er på 3000 kw.  Til høgre Roy og Gregers ved siden av den eine av dei tre thrusterane av denne typen.  Thrusterane kan senkast ned ved behov.

 

No er underteikna ute på tynn is, men veit at der er tre hovudthrustarar ombord.  Ein av dei er plassert framme og to omtrent midtskips.  Desse thrustarane fungerer nærast som påhengsmotorar.  Når dei er i bruk, vert dei senka ned frå brønnar under skipet.  Det er propellar som kan regulerast trinnlaust og som i tillegg kan vridast 360 grader rundt.  Dei vert drivne ved hjelp av elektrisitet frå hovudmotorane.  Dei vert brukt for å få- eller halde skipet i korrekt posisjon under arbeid.

 

I tillegg er der tre andre mindre thrusterar (rett namn?).  Dei er plassert i tunnellar under båten og vert brukt når skipet skal flyttast sidelengs.

 

Starten på bygginga av ”Skandi Mongstad” skjedde i Polen for vel eitt år sidan.  Modular til skroget vart bygde der nede og desse modulane vart så frakta opp til Kleven Verft rundt påsketider. I utgangspunktet var det meininga at det ferdige skipet skulle leverast DOF i  september, men overleveringa er førebels utsett til 7. desember.  Utsetjinga skuldast den stramme byggemarknaden – leverandørar og underleverandørar klarer ikkje å levere tidsnok.  For underteikna kunne det nesten sjå umogleg ut å få ferdig skipet også til desember, men Oddvar Runde var optimist – det er utruleg kor fort det går på slutten, har han erfart tidlegare.  Underteikne let seg i alle høve imponere over den roa som var ombord sjølv om der var svært mange som arbeidde og sjølvsagt måtte ta omsyn til kvarandre.

 

Så var det ”vår mann” Lars Helge Riise.  Det hadde nok vore lettare å få direktøren i tale enn nettopp Lars Helge. Men det var ein frå Haugsbygda – vi let han få lov til å vere anonym – som meinte å kunne hjelpe.  – Meiner dokke han ørstingen Lars Helge?  Ørsting??? Hadde Roy drukke kaffi hadde han heilt sikkert no fått den i vrangstrupen.  Ok, repliserte haugsbygdingen – åmdalingen då…  Situasjonen vart ikkje betre av dette, men Lars Helge er altså bondaling.  Men på brua møtte vi m.a. ein triveleg ung mann frå Åmdalen – Oddbjørn Krøvel.  Han er elektrikar og er tilsett i Hareid Elektriske.  Det same er hjørundfjordingen  Ole Kjell Skjåstad, som også arbeidde på brua denne dagen.

IMGP1240 (Large)IMGP1245 (Large)

Til venstre vår anonyme venn frå Haugsbygde som meinte Lars Helge var åmdaling. Til høgre skipselektrikar Oddbjørn Krøvel frå Åmdalen.

 IMGP1244 (Large) 

Skipselektrikar og hjørundfjording Ole Kjell Skjåstad frå Skjåstaddalen. 

Til vanleg vil ca. 15 personar vere i arbeid om bord på skipet.  Alle har eigen lugar med innlagt tv, breiband osb. Det var utan tvil kapteinen som hadde breiaste køya, men Roy var ikkje sikker på at det var best når tilhøva på havet var på sitt dårlegaste. – Det er lettare å spenne seg fast i ei smal køy, meinte han.

IMGP1237 (Large)

Frå brua - foto i retning baugen.

IMGP1239 (Large)

Framleis på brua, men foto tatt o motsett retning - mot dekk.

  

Før vi fekk treffe Lars Helge hadde vi inspisert skipet frå topp til botn, frå baug til akterskip.  – No har du fått sett mykje av lite plass, fortalde Roy meg med eit smil om munnen.  Kva som imponerte mest, er vanskeleg å svare på, men å bygge eit slikt avansert skip tilseier at kunnskapsnivået til denne industrien må vere i verdsklasse. 

 

Men brua må nemnast spesielt..  Den var svart stor, hadde utruleg mange skjermar og gøymt under dørken var det utruleg mange meter med kablar.  Skipselektrikar Gregers Gram kan umogleg sove godt om natta.  (Å jau, det gjer han nok).

IMGP1269 (Large)

Roy, Gregers og Lars Helge på dekk.  Endeleg dukka sistnemnde opp.

 

Etter fleire telefonar og masing dukka Lars Helge opp. Først var han oppteken, så skulle han berre få av stad nokre han hadde hatt eit møte med, men til slutt kom han altså.  Han ville først ikkje late seg fotografere, men etter mildare tvang fekk vi eit par foto.  Lars Helge er arbeidsformann og har ansvaret for røropplegget frå maskinromet og bakover.  Lars Helge klaga ikkje, men han skulle gjerne ha sett at han fekk bruke litt meir tid på kontoret til å kontrollere m.a. arbeidsteikningar.  Han let oss få vite at det nok var gjort nokre feil på eit eller anna teiknekontor.  Dermed var situasjonen no slik at rett stoff ikkje kom på rett tank.  Ei ombygging/omlegging av noko rørsystem måtte til.   Sjølv underteikna forstår at det er viktig at sementen t.d. kjem på den tanken der sementen skal vere…

 

Lars Helge, som altså er ein av dei som har ansvaret for at tidsfristane vert haldne, jobbar mykje overtid i desse dagar.  Arbeidsdagen hans er ofte frå 0730 til 1930.  Men ein ting – og det er viktig:  Lars Helge nekta bestemt for at han brukar å hevde at han er åmdaling på arbeidsplassen sin (men har han ikkje ei mormor frå Åmdalen?).  Såleis kan det nok verte eit lite oppgjer mellom Lars Helge og han frå Haugsbygda.

IMGP1260 (Large)IMGP1264 (Large)

Ein tur under dekk igjen.  Bak maskinromet er det mange tankar(t.v.) og trange passasjar. Eller mykje av liten plass, som Roy seier. 

IMGP1265 (Large)

Her står Gregers ved motoren som driv roret.  Roret ser vi på foto under.

IMGP1229 (Large)

Her ser vi ror og propell. Ser ein godt etter, kan ein sjå ein person i kvit hjelm som held å justere roret. Denne dagen vart elles motorane starta opp for første gong. 

IMGP1268 (Large)

Her står Roy heilt bake på dekket ved dei to taupinnane og haikjeften.  Desse kan regulerast opp og ned hydraulisk frå brua.  Taupinnane og haukjeften har vore mykje omtalt i samband med den tragiske ulykka til "Bourbon Dolphin"

 

Avslutningsvis må det opplysast at ”Skandi Mongstad” ikkje berre skal vere eit ”vanleg” supplyskip når den snart vert ferdig.  Skipet skal kunne vere beredskapsfarty, det skal kunne gjere nødslep – det har ei trekkraft på 100 tonn, det skal kunne  ta om bord oljevernutstyr og kunne ta opp olje frå havet og det skal også kunne drive med brannsløkking/FF (fire fighting).  Det må nemnast at på toppen av styrehuset vert det montert to vasskanoner der kvar av dei har ein kapasitet på 3600m3 i timen, dvs. 1 m3 i sekundet.  Kanonane skal kunne sprute vatnet 110 m høgt og 150 m langt.

 

DOF har teikna ei 10 års kontrakt med StatoilHydro for ”Skandi Mongstad” og skipet skal i hovudsak gå mellom Mongstad og Tampen

IMGP1250 (Large)IMGP1251 (Large)

Vi tek også med foto frå byssa(t.v.) og messa.

 

Så står det berre att og takke for seg.  Underteikna gløymer ikkje denne dagen.  Stor takk til både dei to tilsette i DOF – kaptein Oddvar Runde og skipselektrikar Gregers Gram, som også skal vere ombord på Skandi Mongstad på den første turen.  Takk også til Roy Lillebø, som no arbeider på ein oljeplattform på Friggfeltet. På veg heim fekk eg med meg at det tikka inn ei melding på mobilen hans ”Kan du tenkje deg å vere kaptein om bord på …..?”  Han vart litt fråverande ei stund etterpå.  Fekk han noko å tenkje på?