Kva heiter denne stjerna i sør, sør-aust?
I desse dagar, i alle høve når det er klarvêr, ser eg ei kraftig stjerne som lyser inne i Kvistaddalen i morgontimane. Ho lyser også lenge etter at dei andre stjernene har slokna. Eg seier meg lei for det dårlege fotografiet - eit fotografi som er teke på frihand i dag ca. klokka 0730. Plasseringa til stjerna er noko aust for rett sør.
Eller er det kanskje ikkje ei stjerne? Kan det vere ein planet? I så fall kva for planet er det? Og til slutt: Kva er forresten skilnaden på ein planet og ei stjerne? Her er mange spørsmål. Vi treng svar
Kommentarar
"Med dei nøyaktige opplysningane du gjev om tidspunkt og himmelretning kan eg med sikkerheit slå fast at det er sjølvaste Venus du har sett og teke bilete av.
Denne månaden gjer Venus seg sterkt gjeldande på morgonhimmelen i søraust...
Planeten Venus sviv alltid nær inn med Sola og er aldri langt frå Sola når ho er på høgre sida av sola er ho morgonstjerne når ho er på venstre side av sola er ho kveldsstjerne
når ho med hundre års mellomrom er saman med sola, får me såkalla venuspassasje, dvs at planeten Venus dekkjer ein del av sola...
eit slikt feno0men hadde me for eit par år sidan"
Torbjørn har omlag ein gong i månaden ein heilsides artikkel som heiter "Stjernehimmelen" i "Nytt i Uka". Der finn ein svar på det meste om stjerne- og planethimmelen.
Det er forresten synd at hjørundfjordingane ikkje får denne gratisavisa. Mangeårig redaktør, Reidar Skarbø, bor på Skarbøen og Torbjørn si heilside er svært leseverdig! (Las du dette, Reidar?) Om novemberhimmelen skriv Torbjørn: "Det er på morgonhimmelen det denne hausten er mest å sjå. Berre sjå!"
I første del av november viser også Merkur seg på på aust-sørausthimmelen, men berre lågt over fjellranda. Det skal vere årets beste framvising og det er sjeldan ein ser Merkur så klart Men så var det skyene som øydelegg!
Vi skal og merke oss at Merkur og andre planetar i bane rundt sola skin roleg, medan stjernene blinkar og "funklar", for å sitere hobbyastronomen.
Så er det eit lite spørsmål til Knut: Har du sove litt i timane då du skulle lære om stjernehimmelen? Då skulle du få vite at ein planet er ein himmellekam som går i bane rundt ei sol og får lyset frå denne sola.
Når vi held oss til vårt solsystem har vi desse planetane i bane rundt sola "vår": ---- (Nei, dette kan andre få rekne opp! Eg utfordrar den yngre generasjon og start med den som ligg nærast sola!)
Ei stjerne, derimot, er ei sol (på same måten som vår eiga sol) og har dermed sitt eige lys (lyser sjølv)! Desse solene har eigne planetar, men dei ser vi ikkje!