Var ein tur på gamle tomter i høve festen for nytt tak på grendehuset, og gjekk opp dei få hundremetarane på vestsida av Brattelva på det ein trygt kan kalle ein attgrodd sti, til Kaldehola.

Kaldehola er navnet på den flotte fossen der Brattelva kjem utfor Frølandsreinene i eit trangt og mørkt gjel på si ferd mot Bondalselva.

haust 07 116

Fossen i Kaldehola med middels vassføring er eit flott syn. Han ligg 5 minutt gange frå grendahuset, men stien skulle vore rydda litt.

Det var kjekt å sjå att fossen i Kaldehola, noko meir nedgrodd av skog, men den var der akkurat som før og slik som den har runne sidan istida for ca. 10000 år sidan. Eit flott syn.

Ca 100 m nedan for fossen vart eg noko meir tenksom, her gjekk eg meg frampå ruinene etter det største framsteg i midtre Bondalens soge. Det var her den moderne tid byrja i mellomkrigsåra, med overgangen frå parafinlampen til elektrisk kraft.

haust 07 086

Turbinen og regulatoren står montert på fundamenta under mange generasjonar med lauvskog. Dette var robuste maskinar som vel kan vere intakte enno.

Det var både godt og vemodig å sjå att staden som gjorde livet so mykje lettare for folket i midtre Bondalen. Verket stod ferdig i 1919, og på det meste forsynte det heile mitre Bondalen, frå Holebrua til Villane på begge sider av Bondalselva med straum frå ein 44 kw generator.

Ei tragisk hending var då to av pionerane som bygde verket Andreas Frøland og Peder T Myrhol under krigen i 1944 skulle til Kristjansund for å kjøpe nye rør. Dei reiste med hurtigruta IRMA som vart torpedert på Hustavika og begge omkom.

haust 07 085

Generatoren frå 1919 var av merke AEG og kunne levere 20 kw likestraum.

Verket var i gang til tidlig på 60-talet, men på slutten forsynte det berre eigarane, Frølandsgardane med straum. Kvistad og dei andre gardene i midtre Bondalen gjekk ut av likestraum-nettet til Brattelvens lysverke og kobla seg til Hjørundfjord kraftlag sitt nett, som vart opna i 1950. 

haust 07 080

Kontrolltavla er enno kobla til 20 kw generatoren, men her manglar ein stor rund ampermeter og straum målaren. Kanskje ligg dei nedgrodd i skogbotnen?

Minna kjem og frå gutedagane. Vi visste kvar nykkelen til verket låg og her lurte vi oss inn i varmen  på kalde vinterskveldar. Gamle Hals Ole “lukta” når vi var her og kom med dei same gamle historiene av blanda kvalitet kvar gong.

haust 07 078 

Dei to genoratorane var ikkje i bruk samtidigt so vidt eg hugsar.Den elste 20 kw generatoren (lengs oppe) ser ut til å ha klart seg bra under open himmel i snart 50 år. 44 kw maskina havarerte på 50 talet, og her manglar ankeret som vart seld til skraphandlara.

Den gongen var straumen berre til lys og mindre apparat og straumrekninga gjekk på antal lyspærer. Det var jamnlege kontrollar, og favoritten til Hals-Ole var då dei tok Ellings-Bia på fersken i ferd med og koke middag på strykejarnet som var snudd opp ned på eit stativ.

Det som slo meg var at her har vi eit nesten komplett inntakt lokalhistorisk kraftmuseum, som berre mangla tak over. Grunnmuren og fundamenta på ca 5 x 4 m er heilt intakt. Ein gjeng litt bygningskyndige personer ville reist eit lett byggverk her på eit par kveldar med små matrialkostnadar (30 -40 000 kr. ?). Dette må då vere noko for Ungdomslaget - Grendelaget ?

So vidt eg hugsar var 20 kw generatoren intakt då verket vart stoppa. Tenk om ein med eit 100 meter 3 - 4 tommers plastrøyr og ei ny driftsreim + + kunne få i gang verket att. Kanskje kunne det  levere straum til grendehuset eller til ein opplyst gangsti frå grendahuset til Kaldehola.

Dette kunne vere ei oppgave og fjør i hatten for Tussa, som har forsynt seg godt med natur-rikdomar i Hjørundfjorden. Brattelva høyrer til det varig verna Bondalselv vassdraget, som berre opnar for ørsmå mikro kraftverk. I tillegg måtte dei venlegsinna grunneigarane vere enige.

Kaldehola - fossen med ein litt opparbeida gangsti og eit kraftverkmuseum tilknytt grendahuset, ville verte ein aktarasjon for Bondalen. 

Lukke til.

Helsing John Solhaug.