Var ein tur på gamle tomter i høve festen for nytt tak på grendehuset, og gjekk opp dei få hundremetarane på vestsida av Brattelva på det ein trygt kan kalle ein attgrodd sti, til Kaldehola.
Kaldehola er navnet på den flotte fossen der Brattelva kjem utfor Frølandsreinene i eit trangt og mørkt gjel på si ferd mot Bondalselva.
Fossen i Kaldehola med middels vassføring er eit flott syn. Han ligg 5 minutt gange frå grendahuset, men stien skulle vore rydda litt.
Det var kjekt å sjå att fossen i Kaldehola, noko meir nedgrodd av skog, men den var der akkurat som før og slik som den har runne sidan istida for ca. 10000 år sidan. Eit flott syn.
Ca 100 m nedan for fossen vart eg noko meir tenksom, her gjekk eg meg frampå ruinene etter det største framsteg i midtre Bondalens soge. Det var her den moderne tid byrja i mellomkrigsåra, med overgangen frå parafinlampen til elektrisk kraft.
Turbinen og regulatoren står montert på fundamenta under mange generasjonar med lauvskog. Dette var robuste maskinar som vel kan vere intakte enno.
Det var både godt og vemodig å sjå att staden som gjorde livet so mykje lettare for folket i midtre Bondalen. Verket stod ferdig i 1919, og på det meste forsynte det heile mitre Bondalen, frå Holebrua til Villane på begge sider av Bondalselva med straum frå ein 44 kw generator.
Ei tragisk hending var då to av pionerane som bygde verket Andreas Frøland og Peder T Myrhol under krigen i 1944 skulle til Kristjansund for å kjøpe nye rør. Dei reiste med hurtigruta IRMA som vart torpedert på Hustavika og begge omkom.
Generatoren frå 1919 var av merke AEG og kunne levere 20 kw likestraum.
Verket var i gang til tidlig på 60-talet, men på slutten forsynte det berre eigarane, Frølandsgardane med straum. Kvistad og dei andre gardene i midtre Bondalen gjekk ut av likestraum-nettet til Brattelvens lysverke og kobla seg til Hjørundfjord kraftlag sitt nett, som vart opna i 1950.
Kontrolltavla er enno kobla til 20 kw generatoren, men her manglar ein stor rund ampermeter og straum målaren. Kanskje ligg dei nedgrodd i skogbotnen?
Minna kjem og frå gutedagane. Vi visste kvar nykkelen til verket låg og her lurte vi oss inn i varmen på kalde vinterskveldar. Gamle Hals Ole “lukta” når vi var her og kom med dei same gamle historiene av blanda kvalitet kvar gong.
Dei to genoratorane var ikkje i bruk samtidigt so vidt eg hugsar.Den elste 20 kw generatoren (lengs oppe) ser ut til å ha klart seg bra under open himmel i snart 50 år. 44 kw maskina havarerte på 50 talet, og her manglar ankeret som vart seld til skraphandlara.
Den gongen var straumen berre til lys og mindre apparat og straumrekninga gjekk på antal lyspærer. Det var jamnlege kontrollar, og favoritten til Hals-Ole var då dei tok Ellings-Bia på fersken i ferd med og koke middag på strykejarnet som var snudd opp ned på eit stativ.
Det som slo meg var at her har vi eit nesten komplett inntakt lokalhistorisk kraftmuseum, som berre mangla tak over. Grunnmuren og fundamenta på ca 5 x 4 m er heilt intakt. Ein gjeng litt bygningskyndige personer ville reist eit lett byggverk her på eit par kveldar med små matrialkostnadar (30 -40 000 kr. ?). Dette må då vere noko for Ungdomslaget - Grendelaget ?
So vidt eg hugsar var 20 kw generatoren intakt då verket vart stoppa. Tenk om ein med eit 100 meter 3 - 4 tommers plastrøyr og ei ny driftsreim + + kunne få i gang verket att. Kanskje kunne det levere straum til grendehuset eller til ein opplyst gangsti frå grendahuset til Kaldehola.
Dette kunne vere ei oppgave og fjør i hatten for Tussa, som har forsynt seg godt med natur-rikdomar i Hjørundfjorden. Brattelva høyrer til det varig verna Bondalselv vassdraget, som berre opnar for ørsmå mikro kraftverk. I tillegg måtte dei venlegsinna grunneigarane vere enige.
Kaldehola - fossen med ein litt opparbeida gangsti og eit kraftverkmuseum tilknytt grendahuset, ville verte ein aktarasjon for Bondalen.
Lukke til.
Helsing John Solhaug.
Kommentarar
Det er nede på Verkstedet
Turbin og anna er inntakt ennå.
Dette burde også ha blitt tatt vare .
Det var første kraftverket på Bjørke/Åkre
Folk på Bjørke satte i vert fall pris på dette kraftverket den gang dei fekk straum i lyspærene.
Tenk for eit framskritt det var å få straum.
Vi må ta vare på desse kraftverka og historia til dei første kraftverka i bygdene.
Veit dei unge om dette kraftverketpå Åkre?
Han strauk reimsmurning på flatreima som gjekk frå turbinen til generatoren. Dette for at reima skulle halde seg på plass. Den tida var vi levande opptekne av alt som sveiv rundt. Og vi stod der ei god stund og naut synet og lyden, medan Jakob fortalde om korleis regulatoren og det andre virka. Dette var nok heilt på slutten for Frølandsverket, som vi kalla det.
Endre Stokke hadde veldig lyst til å få verket i gang att i samband med bygging av grendahuset. Den gongen var det nok mykje anna å bruke kreftene på. Men kanskje tida er komen for å sjå på det att?
Dette med turbinen, var og er i dag, noko som er under stadig utvikling, og eg meiner eg kom over opplysningar at her var det turbineksperten Simon Rekkedal som var konstruktør. "Simå" som han vart kalla, vart kontakta frå mange kantar på Vestlandet, for å være konsulent der det vart bygt kraftverk. Han var kunnskapsrik og vart rekna som ein ingeniør, sjølv om han var sjølvlærd.
Turbinen og regulatoren var to viktige element i kraftverket, og bør sikrast for restaurering.Smia til Olav Holen laga nye stålrør til verket i 50åra av 5 mmm stålplate.
Kulturvernlaget var og såg på kraftverket på Øggarden på Skylstad, så her kan du lese om det på sida til Kulturvernlaget:
www.hjorundfjord.no/kulturvernlaget/?side=prosjekt&action=les&artikkel=30
Men om det vert aktuelt å få til noko så bør vel dette være eit godt samarbeidsprosjekt mellom BFUL, bygdeutviklinga, grunneigarane, sogelaget, kulturvernlaget - og Sæbø Skule. Dette bør vel være eit særs godt valfag????? Samstundes vil det være ein mogleg veg for å ha kontinuerleg tilsyn....
Eit lite kraftverk frå "gamle daga" vil og kunne være ein turistatraksjon, noko ein bør samle på i vakre Hjørundfjord :-)
Dei er nesten i hamn med ei omfattande restaurering som har fått økonomisk stønad frå Oppland Energi, komune og fylket, utan at eg i farten kan gå i nøyaktige detaljar. Men det kan skaffast om ein har bruk for referansar om korleis slike ting vert støtta opp om andre stadar.
Det vart fortalt segner om Kaldehola då eg var smågut, eg hugsar ikkje så nøye alt, men sumt var lite lystelege soger, som mannen som prøvde å kaste kona si ned i hola då dei var på heimveg frå gjestebod.Det finnst sikkert folk i dalen som veit meir om slikt, og det burde skrivast ned dersom det ikkje alt er gjordt.
Bestefar hadde vist prøvdt å finne ut kor djup ho var med hjelp av eitt spett og tog, synest eg hugse dei sa.
Naturen rundt er også så dramatisk, at no som endleg Hjørundfjorden tek til å vakne att når det gjeld turistinteresse, så burde dette vera ein gåvepakke å opne.
Mvh. Sigmund Årseth
Utlagt av: