Møre og Romsdal treng fleire folk. Prosjektet TIL 2017 har nettopp det som mål – å få fleire til å flytte tilbake til fylket vårt. Oppstartseminaret vert halde på Hotell Alexandra, Molde, no i dag og i morgon, den 21. og 22. november. hjorundfjord.no er invitert til å halde innlegg. Det er fylkesordførar Olav Bratland som held opningsføredraget.
Knut Hustad presenterer hjorundfjord.no på TIL 2017 seminaret i dag. (21.nov kl.12.05-12.25)
Vi har sjølvsagt takka ja til å vere med og det vert Knut Hustad som deltek. På dette seminaret er han beden om å snakke m.a. om sterke og svake sider til portalen, kva likar brukarane best med portalen, kva må til for å få portalen til å fungere, kva tenester tilbyr portalen og Knut vil også snakke litt om næringsliv og portalen og planar for hjorundfjord.no framover.
Det er vel berre å ynskje Knut lykke til!
Kommentarar