Vi som var samla på årsmøte var opptekne av verdiane vi har i hjorten og korleis vi skal på best måte utnytte dei. Det vanlege er at jeger får ein bakdel og resten av dyret vert delt på grunneigarane som har jaktrett.

Dei frammøtte var bekymra over den hektiske dagen folk har no, og dei gardbrukarane som er att, er dobbel arbeidande og har lite tid til overs til sosialt samvær med naboar. Dette resulterer i at naboar har lite kontakt gjennom året, og vi vart enige om at dette kan vi prøve å gjere noko med.Vi bestemte at vi skulle sette ned ein festkomite i lag med jaktstyret. Underteikna vart leiar, og dette var i god bygdemobiliseringsånd at hjortekjøtet må kome gardsfolke sjølve til gode. Og det å bruke kjøtet i sosialt samvær er ei svært viktigt satsing.

Men det fyrste som måtte være på plass er kjøt og då måtte jegerane skyta dyra fyrst. Jegerane våre er John Åge, Ole og Hallvar og dette gjekk bra, og etter full kvote var det berre og invitere gjestane.

Trond og Marit vertskap på Hotell Sagafjord
Trond Urkegjerde(34) og Marit Haugland(24) er vårt nye vertskap på Hotell Sagafjord på Sæbø.Trond er hotellutdanna på Hotell høgskulen i Stavanger og har vore kjøkkensjef på Radisson SAS Atlantic Hotel  i Stavanger. Marit er utdanna og har jobba på Quality Hotel Residence i Sandnes, som bartender.

Det var ikkje vanskeleg å bestemme oss for å ta kontakt med Sagafjord hotell der vi i siste året har fått nytt vertskap. Kokk og verter på hotellet er Trond Urkegjerde og Marit Haugland. Vi sette fram ynskje til verten at vi skulle ha ein eksklusiv opplevingsmiddag av hjortekjøt som vi sjølve hadde jakta.Trond tok utfordringa på strak arm og i går laurdag den 3.november møtte 34 personar, der den yngste var 11 år og dei eldste var 83-84 år.

Vi sende ut invitasjon til alle gardane på Kvistad og vi var spente på kor mange som kom,og i beste fall håpte vi på 20 personar. Men sist onsdag hadde vi 34 påmelde og vi måtte seie stopp til dei som ikkje budde fast på gardane, fordi vi var redd vi ikkje hadde nok kjøt.

Trond kom med ein flott meny som vi hadde liten kompetanse å vurdere innhaldet av, så vi måtte lite på at kokken viste kva han skulle lage.

 Meny

 

Røykt hjort og hjortelasagne

Servert med tyttebærglace

 

Hummer- og krabbesuppe

med skalldyrrilettes

Servert med brød og smør

 

Hjortesymfoni

3 ulike tilberedningar av hjort

Breserthjort, hjortepølse og hjorteterrin

Servert med sukkerertpurè, krydderløk og rista sopp

og viltkremsaus

 

Mørk november freisting

Sjokoladenemesis, bær og natursorbet

 
Prisen var svært hyggeleg så dette passa oss svært bra. Hotellet hadde også ledig kapasitet denne helga, så dette passa godt å ta eit slikt spesialoppdrag, no før julebordsesongen starta.

Laurdagskvelden kom, og gjestene møtte presis kl.19.30 i skulestova for samkome. Her hadde hotellet stilt opp videokanon som vi skulle bruke til å sjå på gamle bileter frå den tida dei gamle og no dei unge var born.

Frå middagen laurdagskvelden
Kvistad sine innbyggarar har kome på plass rundt middagsbordet. 

Kl 20.30 var vi plass i spisesalen og her kom dei finaste rettane på bordet. Kokken Trond presenterte menyen for oss og forklarte kva vi skulle ete. Han hadde også anbefalinger på vin sjølvsagt.

Forrette
Røykt hjort og hjortelasagne

20071103_1080

Hummer- og krabbesuppe

med skalldyrrilettes

 

Hovudretten

Hjortesymfoni

3 ulike tilberedningar av hjort

Breserthjort, hjortepølse og hjorteterrin

Servert med sukkerertpurè, krydderløk og rista sopp

og viltkremsaus

 

 Desserten

Mørk november freisting

Sjokoladenemesis, bær og natursorbet

Etter middagen kalla vi kokken inn på ”teppe” og utropte ein skål som endte i ein ståande applaus for maten. Trond takka for at vi sette pris på maten og dette oppdraget var noko han hadde hatt stor glede av, for det er ikkje ofte ein kokk får ta seg av kjøtet heilt frå grunnen av og utnytte alt på dyret.

20071104_1103
Kos i skulestova med framvisning av bileter og gode historier.

Etter hjortesymfonien tok vi plass i skulestova att og hadde godt samvær med kaffi og kaker i lag med gode historier og bileter.

Som leiar i bygdemobliseringa vil eg på det varmaste anbefale å bruke kjøtet til sosial samvær. Gode naboforhold kan ein ikkje vedsette nok og her er det liten tvil at verdiskapinga av kjøtet var svært god.

20071104_1100 kopiera
Våre unge hadde ein triveleg kveld. Runar, Åse Lill, Janne og John Åge 

Gjestane våre var ikkje i tvil om at vi hadde fått den middagsopplevinga vi hadde bestilt og vil anbefale Sagafjord hotell og Trond for andre som også, som kan tenkje seg ein hjortesymfoni.

På vegne av gjestane:Tusen takk til Trond og mannskapet på Sagafjord for ein flott middagsopplevelse. Hotellet anbefalast på det beste til slike samkome.

Ivar Svein Mo