Jørgen Andreas sat og åt frukost då han plutseleg fekk auge på nokre hjortar som kom springande over marka vår. Dei kom frå Villane, hadde kryssa elva og var i fullt sprang mot riksvegen.

Eg brukar vanlegvis ikkje engasjere meg så mykje når ungane ropar om hjort, men eg veit at her er observert ein som berre går på tre føter og ville sjå om den kunne vere i lag med desse.

Vi såg og såg og talde til slutt ei perlerad med 18 dyr av ymse størrelse. Dei sprang over vegen og opp i skogen. Sjølv om vi synest hjorten er ei plage som gjer mykje skade på markane våre vert vi fascinerte over kor utruleg flotte og elegante dei er desse dyra.

På Tryset er vi vel vande med store hjorteflokkar, vi seier ofte at vi har to buskapar; ein i fjøsen og ein i skogen. Denne tida trekker dyra ned frå dalane og oppheld seg på Tryset i ei periode. Men det er sjeldan vi ser så store flokkar på denne tida av døgeret.  

Eit lite obs til alle dei som kostar forbi Tryset morgon og kveld: Mellom husa på Tryset og den nye fellesfjøsen er her svært mykje hjort no!