IMG_1398

Profesjonelle dansarar i sving på Casa de Musica i Trinidad.

Casa de Musica

I dei fleste byane på Cuba er det ein Casa de Musica. Her samlast dei gode musikarane, og dei flinke dansarane. Og kven er dei flinke dansarane? Det er vanlege folk, for dansen står sentralt i ein cubanar sitt liv.

I Trinidad på sørsida av Cuba bestemte artikkelforfattaren at han skulle ta ein kveld på byen sin Casa de Musica. Det var ein søndagskveld, og vand med laurdagsdansen heime dei siste åra, var ikkje forventningane altfor store til at det ville vere særleg med folk.

Casa de Musica i Trinidad er utandørs. Alle dagar i veka er det levande musikk her, og to gonger per dag. Først ein sein ettermiddags- tidleg kveld-sesjon, og der etter ein sekvens frå ca. 21.00 til midnatt. Litt uvand med å gå på dans om ettermiddagen, valde eg siste ykta.

IMG_1410

Musikarane som spelar på Casa de Musica er profesjonelle, og svært dyktige.

Rytmer

Før ein runda inn til området Casa de Musica heldt til, kunne ein høyre musikken, og kjenne rytmene. Då eg såg inn på området, hadde det byrja å verte folksamt. Musikarane spelte, og det var alt mange som svinga seg. Trinidad er ein turistby, noko eg skal kome tilbake til i ein seinare artikkel, men også mange cubanarar var ute denne kvelden. Dei var i klart fleirtal.

Stokkeskulen 

Det byrja også å pirre i mine bein, og tanken slo meg at no skulle eg få praktisere danseundervisninga eg hadde på Stokkeskulen som sped ungdom og på Volda vidaregåande skule som siste års gymnasiast. Eg gløymer ikkje då eg kom heim frå gymnaset ein haustdag, og fortalde at eg hadde valt dans og rytmikk som valfag. Mor mi var lettare sjokkert: ”Vi betalar ikkje utdanninga di for at du skal danse på skulen”, var den klare meldinga hennar. Men under Randi Bakke si kyndige leiing lærte vi, tre gutar og kanskje tjue jenter, både norske tradisjonsdansar, andre lands folkedansar, standarddansar  og ikkje minst latinamerikanske dansar. Vi lære oss samba og jive – og i denne samanhengen – rumba. Rumba er den cubanske dansen, saman med salsa.

 IMG_1415

Dei lokale cubanarane hadde rytmene i seg på dansegolvet.

No skulle eg endeleg nyttiggjere meg dansestega eg lærte. Sjølv om det er  like lengse sidan eg dansa rumba som eg lærte dansen, tenkte eg at berre ved å studere litt, og kjenne rytma på kroppen, skulle eg få dansen i blodet att.

Buena Vista Sosial Club 

Før eg går vidare med å fortelje om denne kvelden, må det nemnast litt om musikken og dansen på Cuba. Landet er ein kulturell smeltedigel. Innbyggjarane stammar frå Spania og andre latinske land, og frå Vest-Afrika. Musikken og dansen innvandrarane tok med seg frå Sør-Europa og Afrika (sistnemnde sjølvsagt slavar til å byrje med), smelta etter kvart saman. Det er flamenco miksa med afrikanske rytmer, for å seie det enkelt.

Cubansk musikk har vore kjend og populær lenge, men kom for alvor i vinden då filmskaparen Wim Wenders reiste til Cuba, og formidla for heile verda det han opplevde i den fenomenale og gripande dokumentarfilmen ”Buena Vista Social Club”.  I fimen får vi sjå ypparlege musikarar, kanskje av dei fremste i verda, leve for musikken i eit land der kanskje ikkje alt har gått deira veg. Blant desse musikarane er Ibrahim Ferrer, som døydde for kort tid sidan. Musikken hans lever vidare på Cuba, og han er på veg til å verte eit ikon på line med dei offisielle, som Che Guevara og andre revolusjonsheltar.

For styresmaktene på Cuba er musikken og dansen som ein del av den nasjonale kulturarven viktig. Musikarar er mykje statstilsette, og har som oppgåve å spele både på Casa de Musica, på restaurantar og på museum m.a. Over alt ein er, får ein høyre den cubanske musikken, og det er kvalitet. Repertoaret er samansett av kjende slagerar som ”Guantanemera”, politisk korrekte songar om Fidel og Che, og tradisjonsmusikk. For meg er det dei sistenemnde songane som fengjer mest.

IMG_1447

Casa de Musica på Trinidad ein ettermiddag. Ettermiddagsykta har akkurat starta, og ikkje så mange har strøymt til enno.

God stemning 

Tilbake til Casa de Musica. Stemninga vart etter kvart høg. Det vart dansa heftig, og dansefoten min ville meir og meir utpå golvet. Eg byrja å sjå meg ut aktuelle partnerar. Det var nok av dei. Dei cubanske kvinnene kan å danse, og dei ville nok ikkje seie nei til å danse med ein turist heller. Sjansen for det var heller stor, og for nokre var det ikkje berre dansetenester dei ville tilby. På veg frå huset eg budde i til Casa de Musica, ein spasertur på om lag fem minutt, vart det mange tilbod om meir kjønnslege tenester. Slik har det vorte på Cuba, og det er nok eit resultat av turismen kombinert med fattigdom. Eg byrja å tenkje meg om.

Samstundes byrja eg å studere kvaliteten på dansen. Unge som gamle kasta seg ut i det, og det vart dansa med ein slik kontroll eg knapt hadde sett maken til. Skulle eg, med to timar dans i veka på gymnaset for nokre tiår sidan, og der rumba berre var ein liten del av pensum, øydeleggje det heile?

Eg feiga ut. Men neste gong, kanskje etter eit nytt dansekurs, då skal også eg svinge meg i rumbaen.  

IMG_1418

Artikkelforfattaren feiga ut frå dansegolvet, og vart ståande i ei krå med sin sigar og mojito.