IMG_1706

Her står dei på rekkje og rad, amerikanarane. Dette er drosjer, berre for cubanarane. Turistar får ikkje lov til å hyre desse drosjene, sjølv om dei har aldri så lyst.

Etter å ha landa på flyplassen i Havanna, og etter å ha kome seg ut av den relativt moderne Jose Marti-flyplassen, er det steget tilbake i tid det som tek ein.

Trafikken er ikkje påtrengjende, og det som er på vegen, er gammalt. Det er gamle amerikanske bilar, produsert før 1960, og det er gamle aust-europeiske Lada-bilar, produsert før 1990. Både personbilane og lastebilane er prega av at åra har gått, og ein stiller seg spørsmålet kva er det som har gjort dette.

IMG_1719

Klikk på biletet, og de vil sjå ein mobil verkstad i bagasjerommet.

Spesiell politisk situasjon

Svaret er ikkje berre fattigdom, slik som kan vere tilfellet når ein ser bilparken i andre delar av den tredje verda. Svaret er meir den heilt spesielle politiske situasjonen på Cuba.

Dei amerikanske bilane kom til øya på 1940- og 1950-talet. Cuba er nabo til USA, og påverknaden frå USA var svært stor i desse åra. I 1958 kom Fidel Castro til makta, og med den kommunistiske orienteringa, kom USA sitt brot på Cuba.

IMG_1350

Eit glis køyrer på Malecon, Havanna sitt svar på Sæbø sin strandpromenade.

Gradvis vart handelsboikotten innført, til å få full verknad frå 1961. Sidan har det ikkje vorte importert ein einaste amerikansk bil.

Det medførte ikkje at bilane vart kasserte. Tvert i mot. Det vart viktig å halde bilane ved like, for landet hadde ikkje økonomi til å føre inn bilar frå andre stader. Den dag i dag ser ein desse amerikanske veteranbilane på vegane. Det er store og elegante bilar.

Lada-motorar i ein Chevvy 

Dei fleste ser ein forfallet på, men forbausande mange er svært godt vedlikehaldne.Når det gjeld motorane, er det nok ikkje så mange originaldelar att. For ein norsk amcar-entusiast vil det nok vere dårleg musikk å høyre at det i fleire bilar er putta inn disel-motorar i staden, og jamvel Lada-motorar.

 IMG_1433

Her eit glis i Trinidad, på sørsida av Cuba.

Så kom Lada

For Lada vart den neste bilbølgja på Cuba. Etter brotet med USA, vart landet partner med Sovjetunionen. Det vart gjort handelsavtalar, der Cuba leverte sukker og frukt, medan Sovjetunionen og Aust-blokka leverte olje, matvarer, andre forbruksvarer – og bilar.Lada-importen held seg fram til 1990. Då kollapsa Sovjetunionen og det vart slutt på handelen. Det vart slutt på bilimporten. Blant privathushaldningane har det knapt vorte kjøpt ein ny bil sidan.

Turistar må vere ganske kreative skal dei få seg ein tur med ein amrikansk bil, for det er eigentleg ikkje lov. Amerikanske veteranbilar fungerer også som drosjer, men det er ikkje lov for desse taxi-sjåførane å ta på turistar. Eit ikkje uvanleg syn i Havanna er å sjå gamle veteran-chevvy-taxiar med både seks og ni passasjerar i....

IMG_1486

Her er den viktigaste motorvegen på Cuba. Mest ikkje trafikk, og folk haikar.

På Cuba sine vegar kan ein no sjå moderne vest-europeiske og japanske bilar, men desse kjem ikkje den vanlege befolkninga til gode. Desse er reserverte turistindustrien. Turistar kan til dømes leige heilt moderne leigebilare til å farte rundt øya på.

Bussane -

Det dei då vil sjå, er alle haikarane. For det er ikkje berre personbilar det er mangel på, også bussar. Det har ført folk ut på vegen som haikarar, og dessutan har cubanarane kome med nokre kreative løysingar. Nokre bussar der motorane har slutte å fungere, vert kort og godt slepte av lastebuilar, medan dei endå meir kreative har bygt spesielle busskarrosseri som vert hekta på lastebilar.

IMG_1713

Dette er ein buss.

Men dette avhjelp ikkje situasjonen. Ute på landsbygda og i forstadane er det heilt vanleg at det er eit lastebilplan som fungerer som buss. Desse er ofte overfylte, og det har også vore alvorlege ulykker i tilknyting til denne formen for transport.

IMG_1552

Dette er også ein buss.

Handelsavtalar 

Cuba har igjen prøvd å få til avtalar med andre land. Fordi sukkerproduksjonen har falle dramatisk, er det ikkje lenger så lett å gjere avtale om byte mot sukker. Men noko handel vert det. Cuba har ingått avtale med sin nye venn i sør, president Hugo Chavez i Venezuela. Her får Cuba olje, og betalingsmiddelet er mellom anna legar. Cuba har  også fått avtalar med Kina om handel med bussar der i frå. 

Hjorundfjord.no sine lesarar kan kanskje vere med på ei lita spørjetevling, der artikkelforfattaren ikkje har peiling på fasiten. Greier vi å namnsetje nokre av bilmerka? 

IMG_1726

Eit bilete av trafikken i Havanna - ei blanding av ungt og gammalt.