Fylkesmannen har no i praksis sett ned byggje –og deleforbod i strandsona i deler av Ørsta kommune. Kommunen har faktisk ikkje lov å gje byggjeløyve eller godkjenne planar så lenge det er uvisse kring situasjonen.
På Stennes i Hjørundfjorden har dei søkt om molo og fylling for bygging av utleigehytter. Molo og fylling kan godkjennast, men utleigehytter er det vanskeleg å kunne godkjenne seinare på fyllinga.

 

Fylkesmannen i Møre og Romsdal

 

Vår dato  24.10.2007                Vår ref. 2007/836/THMO/420.0

 
Saksbehandlar, innvalstelefon Rådgivar Thomas Møller, 71 25 84 15

Dykkar dato Dykkar ref.

 

Kommunal-og regionaldepartementet

Postboks 8112

0032 OSLO

 
Behov for avklaringar i samband med sakshandsaming av plan- og byggesaker i dei fjordnære områda langs Storfjorden på Sunnmøre

 

Fylkesmannen i Møre og Romsdal viser til problemstillingane knytt til beredskap og arealbruk i flodbølgjeutsette område langs Storfjorden på Sunnmøre som Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) og Miljøverndepartementet (MD) er kjent med.Problemstillingane har til no vore aktuelle for kommunane Stranda, Norddal, Stordal og Ørskog. No viser tal frå ein ny analyse gjennomført av Åknes/Tafjord-prosjektet at ei flodbølgje vil ha større oppskyllingshøgde enn tidlegare rekna med, også langt ute i fjordsystemet. Dette betyr at fareområda må utvidast til å gjelde betydelege område i kommunane Skodje, Sykkylven, Ålesund, Sula, Hareid og Ørsta. Dette ønskjer vi å gjere departementa kjende med. Tabell med estimert oppskyllingshøgde på utvalte stader følgjer vedlagt.

Som det går fram av vedlagte illustrasjonskart er strandsona ut til og med kommunane Ørsta og Hareid råka. Problemstillingane omkring handtering av byggesaker og arealplanesaker i desse områda vert særleg tunge fordi dei fleste tettstadene i området ligg langs fjorden og arealalternativa er få. Dagens regelverk fører til stans i all bygging og arealplanlegging på desse areala. Dette er ein situasjon som ikkje kan vare ved utan konsekvensar, og som krev at sentrale styresmakter er kjent med situasjonen, og at dei gjer dei naudsynte vurderingane av den.

 Fylkesmannen i Møre og Romsdal vart i sommar gjort kjent med at det er teke initiativ til ei vurdering av m.a. teknisk forskrift som avklarar om etablert beredskap kan kompensere for spesifikk naturrisiko, og som nyanserer mellom tryggleikskrav for liv og helse og for materielle verdiar. Fleire kommunar har i samråd med fylkesmannen valt å halde tilbake ei rekke arealplanar i påvente av ferdigstillinga av beredskapen og moglege regelverksendringar.

Fylkesmannen har dei siste vekene motteke to reguleringsplanar til uttale, og påtrykket av tiltaks- og arealplanar er forventa å auke i tida som kjem. Dette m.a. fordi beredskapsordninga med varslings- og evakueringsprosedyrar er i ferd med å bli operativ, og at det er eit generelt påtrykk for vidareutvikling av tettstadene m.a. i reiselivssamanheng. Ei avklaring av arealstatus og moglegheitene for planlegging og utvikling vil tvinge seg fram. Stans i all aktivitet i området, fråflytting og medfølgjande samfunnsøkonomiske kostnader vil vere resultatet utan regelverksendringar, noko som sentrale styresmakter og vil måtte vurdere konsekvensane av.

Fylkesmannen og kommunane har derfor behov for ei avklaring av korleis ein skal handtere den situasjonen ein no er komen i. Vi ber derfor om departementa sine vurderingar av kva råd fylkesmannen bør gje til kommunane, særleg når det gjeld behandling av byggesaker og arealplansaker.

 

Med helsing

Ottar Befring         Marit Heggstad

Fylkesmann            Avd.direktør


Vedlegg: 1. Tabell med estimert oppskyllingshøgde på utvalte stader

              2. Ulike illustrasjonskart

 

Kopi med vedlegg til:

 Stranda kommune Postboks 264 6201 Stranda

Hareid kommune 6060 Hareid

Kystverket Midt-Norge Serviceboks 6 6025 Ålesund

Statens vegvesen sunnmøre distrikt Fylkeshuset 6404 Molde

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap Postboks 2014 3103 Tønsberg

Sykkylven kommune 6230 Sykkylven

Landbruks- og matdepartementet Postboks 8007 Dep 0030

OSLO

Ålesund kommune Serviceboks 21 6025 Ålesund

Stordal kommune 6259 Stordal

Justis- og politidepartementet Postboks 8005 Dep 0030 OSLO

Fiskeridirektoratet Region Møre og Romsdal Postboks 1323 6001 Ålesund

Statens bygningstekniske etat Postboks 8742 Youngstorget 0028 Oslo

Norddal kommune Rådhuset 6210 Valldal

Ørskog kommune Rådhuset 6240 Ørskog

Skodje kommune 6260 Skodje

Ørsta kommune Dalev. 6 6150 Ørsta

Sula kommune Postboks 280 6039 Langevåg

 

 

Sted

Kommune

Oppskyllingshøyde,

35 mill m3 (m)

Oaldsbygda (Stokke)

Stranda

>100

Hellesylt

Stranda

25-35

Geiranger

Stranda

20-40

Raudbergvika

Stranda

10-15

Stranda

Stranda

3-6

Gravaneset

Stranda

4-6

Eidsdal

Norddal

4-6

Sylte/Muri

Norddal

6-9

Norddal

Norddal

7-10

Fjøra

Norddal

5-7

Linge

Norddal

4-6

Tafjord

Norddal

12-18

Dyrkorn

Stordal

2-4

Stordal

Stordal

5-8

Sjøholt

Ørskog

3-5

Håheimsvika

Skodje

3-4

Glomset

Skodje

3-4

Ørsnes

Sykkylven

ca 2

Aure (kommunesenteret)

Sykkylven

2-3

Ikornes

Sykkylven

2-3

Magerholm

Ålesund

3-4

Vegsundet

Sula

3-4

Sunde/Solevåg

Sula

ca 3

Sulesund

Sula

1-2

Hjørungavåg

Hareid

1-2

Hareid

Hareid

2-3

Festøy

Ørsta

1-2

Sæbø

Ørsta

ca 4

Leknes

Ørsta

1-2