Det var under vask av bussen sist tirsdag brannen oppstod. Til hjorundfjord.no fortel bussen "Ingvild" sin faste bussjåfør, Jostein Kvistad, at til alt hell oppstod brannen mens bussen stod rett utanfor Møre Auto AS sine lokale i Furene i Volda.  Bussen  var i ferd med å verte vaska og stod og gjekk på tomgang då det vart oppdaga at røyk kom ut frå motorrommet.  Straks etter var det opne flammar.

P1010022 (Large)

Bussjåfør Jostein Kvistad.

Kvistad seier vidare at han vart svært overraska over kor raskt brannen braut ut og kor raskt elden spreidde seg.  Han vågar ikkje tenke tanken på kva som hadde skjedd dersom brannen hadde oppstått t.d. mens bussen var på veg over Bondalseidet.

Tilsette hos Møre Auto AS greidde heldigvis å sløkkje brannen utan at pulver vart nytta.  Det er ei av årsakene til at det no er bestemt  "Invild" nok ein gong skal reparerast.  Og, opplyser Jostein Kvistad , når det ytre/karosseriet tek til å skrante på oss andre, ja, så er det nettopp det vakre og gode ytre som er med på å berge "Ingvild".  Hadde ikkje karosseriet vore så godt og fint - trass i "Ingvild" sin heller høge alder - hadde sjansen for reperasjon vore langt mindre.

P1010018 (Large)

Brannen spreidde seg ikkje utanfor motorromet.  Det er sjølvsagt hjorundfjord.no glade for.

Brannårsaka er ukjend, men oppstod i det elektriske anlegget.  Den nye motoren i bussen vart ikkje skada.  Og igjen:  Bussen vert reparert sjølv om det nok vert ein omfattande reperasjon.