Dette er ein liten presentasjon av barnekoret. Dei øver no flittig på julesangar og gler seg til å opptre. Både den 15. desember og på julafta skal dei synge i Hjørundfjord kykje, så det er berre å møte opp og høyre.
Her er nokre bileter frå forrige korøving:
Mange av barna kjem rett frå skule og treng dermed litt påfyll. For som kjent; Utan mat og drikke, duger helten ikke.
Også Tonje og Tiril treng litt påfyll. Det er kjempe kjekt at desse blide jentene vil vere med å drive barnekor på Sæbø. Trur litt av motivasjonen deira er gode minner frå den gang dei sjølve sang i barnekor. Og kjekke opplevingar trur eg dagens kordeltakarar også får. Det ser i vert fall ut til at dei har det kjekt.
Her har dei fått utdelt ein ny julesang som skal øvast inn til jul, og den må sjølvsagt på plass i sangpermen. Det er tydleg at barna likar å ha orden i saken sine, og det vankar dermed litt skjenn til dei vaksne når det ikkje er hol i arka. Kven kan no hugse på slike detaljar....
Ein flotte gjeng som har blitt veldig flinke på kort tid.