Vi prøver å vere mykje på tur, og i år ønskjer vi å besøkje Norangsfjorden meir enn tidlegare. I år bur sju av borna våre på Leknes, Urke og Øye. Desse borna reiser med buss og ferge til barnehagen, og kallast derfor "fergeungane". 

Ein dag i oktober reiste derfor dei eldste barnehagebarna saman med borna på SFO  på tur til Øye. Vi tinga "Hjørundfjord" og båtførar Oddvar Olsen kjørte oss trygt til og frå Øye. 

 øye1

I samla flokk gjekk vi vegen framover dalen, og vart etterkvart møtt av vennane våre som hadde fri frå skule og barnehage. 

  øye2

Ved hotellet vart vi positivt overraska: vi fekk kome inn på omvising! - og fekk vite at på hotellet bur det eit spøkelse. Nokre syntest det var så nifst at dei nesten ikkje torde å gå inn på spøkelsesrommet. 

 øye5 øye4

Her på det blå rommet bur spøkelset!                Dette er ikkje eit spøkelse! 

Vel tilbake i barnehagen måtte eit barn inn på styrarkontoret og fortelje om spøkelset. "Veit du, de' heite' Linda og e' mamma'n til Nikolai!"  Nikolai går altså i barnehagen, og har ei mamma som heiter Linda.  

Dette spøkelset sit godt fast i barneminnet, og i november fekk vi høyde denne historia i barnehagen:

"Linda, ho bur på det blåe romme' .... fordi, fordi ho døde. Elva tok å spiste ho opp, å då drukna ho og døde. Elva tok ho og gidde ho til sjøen og hotelle'. Og no bur ho på hotelle'.

Den originale forteljinga er slik:

 

" Mot slutten av 1800-tallet forelsket en tysk greve seg i Linda, en lokal skjønnhet som jobbet på Hotel Union Øye. Når han var på besøk, bodde de to forelskede på Det blå rommet. Den tyske greven var imidlertid ulykkelig i et arrangert ekteskap i Tyskland, men han lovet å skille seg og komme tilbake for å gifte seg med Linda. Han ga henne en brosje i forlovelses -gave. Ringen som hørte til skulle hun få når de giftet seg. Det viste seg imidlertid umulig for den tyske greven å få en skilsmisse, og dypt ulykkelig tok han sitt eget liv på båten på vei til Norge. Linda fikk imidlertid et brev samt ringen han hadde lovet. Den unge skjønnheten ville ikke leve uten greven, og kledd som brud, med blomsterkrans i håret og brosjen og ringen hun hadde fått av greven på seg, druknet hun seg. Man kan høre Linda gråte på Det blå rommet, på Hotel Union Øye. Dersom du vil sove i fred, får du en sølvskål med hvitløk på rommet – og vil du ha besøk kan du sette skålen utenfor døren. Da kan etter sigende alt skje …"      Kjelde: http://www.unionoye.no/web/no/stories.asp

 

øye3

Etter ein slitsom spøkelsesrunde var det på tide å vere noble gjestar og nyte hotellparken før ein gjekk vidare på besøk til Andrea, Emma, gamleskulen, Emil og Markus. 

øye6

Lunsj ved gamleskulen.

øye7

På garden til Ronny Norangshol, vi fekk helse på kalven.

Tusen takk til foreldre og born som tok i mot oss på besøk. Barn og vaksne hadde ein kjempedag på Øye.