Fem av medlemane i ungdomslaget var tidligare i år på teaterkurs i Hovdebygda, der Mads Ryste og Beate Eriksen var instruktørar. Vi var svært inspirerte av kurset og ville gjerne prøve å få ei revygruppe opp å gå i Bondalen også.
Men ting har ein tendens til å ta tid...det har til no våre mykje prat og lite handling. For å sette eit lite press på oss har vi no tatt på oss det første oppdaget i form av innsalg på 3.dags festen.
For å hjelpe oss i gang kjem Mads Ryste å held eit revykurs torsdag 22.11.07 kl 18.00. Kurset er for alle som kan tenke seg å være med på dette. Om du vil stå på scena, skrive tekstar, lage kostyme, bygge kulissar...koke kaffi til oss... Her er jobb til alle :-)
For nokre 10år tibake var det ei aktiv teatergruppe i bygda og vi vil svært gjerne ha med oss desse på laget igjen ønsker dei og alle nye velkomne på kurs med Mads Ryste på torsdag. Kurset er gratis.
Vel møtt!!
Kommentarar
Flott att Mats kunne stille opp å hjelpe dere.
Eg håper vi på Bjørke får starta oppatt Tussarevyen då mange sakner revyer på Haukly.
Mats skal også besøke oss på Moroklubben seinare då her er mange barn/unge som har lyst å lære meir om revy.
Det blir nytt kurs i Hovdebygda
Beate Eriksen kjem til hovdebygda andre helga i januar og da blir det nytt teater/ revy kurs.
Eg håper mange blir med der slik som sist.
Kanskje vi treffes igjen på Ervingen.
Tyssafossen
Tyssedalen
Tyssarevyen
Det at Tussa Kraft tok navnet Tussa i staden for Tyssa
gjer at eg av at eg roter i farta.
Eg som bor like ved fossen burde ikkje gjere slike feil.
Johnny Bjøringsøy brukte mykje halvemål i Tyssarevyen
Det satte en spiss på poenga i stykka det.
Dei gamle forstod dette språket.
Eg lærte språket etter kvart.
Fårstår dere dette?
'Estinj 'ass 'Ans sto i 'æsinje 'ass 'Alvår å håt 'øy so det 'a vore 'akka 'alm.
Vel møtt på torsdag folkens!