IMGP1313 (Large)

Torill Årseth feira den store dagen m.a. med lefsebaking på klubbhsuet.

Lefsebaking på klubbhuset på Sæbø på tysdag klokka 10. Ta med tilfong og møt opp.  Dette  stod  å lese her på portalen for nokre dagar sidan.  Det var Bondalen helselag som stod bak oppfordringa.  Ville nokon møte opp?  Sjølvsagt var det fleire som ville det.

Ho avviste bestemt at det var ho som var sjefen, men det var i alle høve Alvhild Wille som fekk dei fleste spørsmåla frå dei 11 andre lefsebakande damene. 

IMGP1311 (Large)

Her gjev Alvhild (t.v.) gode råd til 60 årsjubilanten Torill Årseth.

Det har tydelegvis vore framsteg også i lefsebakarbransjen.  Nesten alle stilte med eiga, digital vekt.  Lefseleivane må vere like tunge, må vite.  I tillegg stilte dei fleste med ferdigklipt mal av tapet - ein mal/underlag som leivane vert kjevla ut til lefse på. (Gråpapir er ikkje lenger godt nok).  Det var også mange takker å sjå, men ein ting var det fleire som mangla - nemleg ein metallring til å trykkje ut passe store lefseleivar med. Men Torill hadde med seg denne ringen, dvs. metalldelen av loket på eit Norgesglass.

IMGP1316 (Large)IMGP1347 (Large)

På foto til venstre ser vi den viktige "Norgesglassringen" til Torill.  Til venstre viser Helga Riise fram to ulike kjevler - ei glatt og ei med riflingar.  Det er vel den med riflingar som er den rette til lefsebaking?

I dag var Helga den einaste av dei 12 som ikkje laga lefsa som tydelegvis er mest "in" i Bondalen for tida, nemleg Strandalefsa.  Helga laga den som vert kalla Norrønalefse, men ho laga den glutenfri.  Helga har nemleg nokre i familien som har cøliaki, så den glutenfrie varianten vert nok populær.  Helga tenkte tydelegvis også på eiga helse - ho fann seg ein Tripp-Trappstol som ho sat på under bakinga. Borda på klubbhuset var gode, men litt lave til lefsebaking, var det fleire som meinte.

IMGP1330 (Large)

Det er kjekkast å lage lefser når ein kan gjere det i lag...

Der var både mødrer og døtrer som baka  i dag, men der var ikkje ein lefsebakande mann å sjå.  Men det er mannfolk som lagar lefser i Bondalen - ein av der, kunne 60-årsjubilanten fortelje, er ektemannen hennar Kjell-Arne Årseth.  Hans spesialitet er snikalefser.  - Snikalefser er gode saker,  men det er for tidkrevjande å lage dei, meinte Alvhild.  Ho såg likevel ikkje vekk ifrå at det eit anna år også kunne verte snikalefsebaking på klubbhsuet.

Anne Mari Sæbønes kunne fortelje at i tidlegare år var det ikkje uvanleg at det var mannen som stod for steikjinga av lefsene.  Ho hugsa godt at faren sin, Karl Frøland, var fast lefsesteikjar.  Underteikna hugsar også at her på garden var det vanleg at bestefar laga sniken (heiter det det?) når bestemor laga snikalefser.

IMGP1321 (Large)

Anne Mari Sæbønes hugsa at det var faren hennar, Karl, som stod for lefsesteikjinga i Karlgarden på Frøland.

No var det altså Alvhild Wille som var lefsesjefen, men sjefen for klubbhuset og sjefen i Sæbø IL, Eldbjørg Tvergrov, var der også.  Det vart likevel lagt merke til at ho kom litt seint i gong, men etter litt handling på butikken, vart det også lefser på henne.

IMGP1335 (Large)IMGP1339 (Large)

Eldbjørg Tvergrov(t.v.) kom sterkt på slutten.  Til høgre den yngste(?) lefsebakaren - Hege Pedersen.

IMGP1344 (Large)IMGP1343 (Large)

Siw Lillebø(t.v.) i djup konsentrasjon.  Denne lefsedagen ville ho ha med seg og hadde fått fri frå jobben.  Til høgre mor og dotter - det var nok fotografen som lokka Wenche til å sjå opp.  Mor Kanutte heilt til høgre.

IMGP1314 (Large)

- Alvhild, er denne deiga alt for blaut?  Det er Svanhild Slettedal(foto) som ropar til Alvhild.

Ja, Alvhild svarar.  Og ho kjem også med oppskrifta på Strandalefsene når underteikna spør.  Sett i gong.  Lukke til.

Strandalefser:

150 g sukker

150 g smør/margarin

1 egg

1 pk gjær

3/4 l kulturmjølk

3/4 l søtmjølk

6 ts hjortesalt

2,5 kg kveitemjøl

Som eit godt råd opplyser Alvhild at ho blandar ut gjæra i kulturmjølka.  Og elles blandar ho alt i eitt.  Ein treng m.a. ord ikkje å piske sukker og smør kvitt osb.  Ho tilrår heving av deiga i 20 minutt til ein halv time.  Det viser seg at den deiga som har heva seg lengst, er lettast å kjevle ut. Og:  Til meir "kleimete" deig ein greier å arbeide med, til betre vert lefsene.

Var det då noko meir?