Etter ein god, men hektisk sommarsesong, ein velfortent ferie og så opplading i inn- og utland, er igjen Kanutte(Nutte) og Dagfinn(Daffa) Strand kllare til å gå på julesesongen ved Strands Bakeri på Sæbø.
Alle desse gode brøda, inklusive julebrøda opp til venstre, vert å få kjøpt når Daffa opnar bakeriet på Sæbø tirsdag den 4. desember klokka 1000.
Som nemnt vil alle dei ulike brødsortane som vi har vorte vande med å få kjøpt, vere i salg frå første dag. Dagfinn nemner spesielt julebrøda som vert steikte i steinomnen. I tillegg opplyser han at bakeriet denne jula også vil prøve seg på kransekaker og kransekakestenger.
Om nokon har gløymt kva småkaker Strands bakeri brukar å selje, så er det sirupsnittar, berlinerkransar, krumkaker, smultringar, julemanna og sandskorper. I tillegg kjem alle dei andre tradisjonelle bakarvarene.
Og som alltid: Ynskjer du ein dag å kjøpe bakarvarer i større mengder, kan det vere lurt å ta ein telefon til Dagfinn Strand på førehand og bestille det du vil ha.
Opningstider:
Tirsdag 4. desember til laurdag 22. desember. Kvardagane er opningstida frå klokka 10 til 16. På laurdagane er opningstida frå klokka 10 til 14.