Når det gjeld nedbøren i oktober er dei tørre - eller helst våte - tala for målestasjon nr. 59900 Sæbø, 292 mm nedbør. Mest all nedbøren kom som regn sjølv om det ein kveld/natt var kvitt hos Anne Hustad. Normalen(1961 - 1990) for oktober er elles 248 mm.
Mykje nedbør, også i oktober, slår Anne Hustad fast.
Men mi oppfatning er at det ikkje regna så mange dagar i oktober?
- Det er i alle fall lettare å telje dei dagane det ikkje regna. Så vidt eg kan sjå av boka mi, var det 9 døgn utan nedbør i oktober.
I november då - i den månaden brukar det vel ikkje å kome så mykje nedbør?
- Tja, det første døgnet i november kom det 72 mm med regn på Hustad, men den månaden må vi vel kome tilbake til seinare, avsluttar Anne.
Ja, vi må vel det, tenkjer vi...
Kommentarar