Her er sida drive på dugnad og har mellom 3 og 400 treff pr dag. Her er utdrag frå artikkelen:
"Det bur berre 800 personar i den vesle bygda i Sør-Aurdal. Det er hedøler, hytteeigarar og utflytta hedøler som brukar nettsida.
Særs nøgd redaktør
Redaktør for nettstaden Arne Heimestøl er særs nøgd med besøkstalet.
- Det har vore ei god utvikling sidan vi hadde offisiell opning i mai 2000, seier Heimestøl.
På nettstaden blir det kvar dag lagt ut oppdaterte nyheiter frå bygda. Sida har også verteneste, føremeldingar, debattforum og bilde.
Mange bilder frå fjellet
Nettstaden er drive på dugnadsbasis og er avhengig av engasjement frå lesarane.
- Veldig mange sender bilde frå fjellet, seier Heimestøl.
Han fortel også at lokale lag og foreiningar, samt fleire bedrifter, nyttar sida til å informere hedølane om kva som føregår i bygda. "
Artikkelen i si heile lengde er her: http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/hedmark_og_oppland/valdres/1.3989122
Og linken til Hedalen.no er: http://www.hedalen.no/
Her kan det vere nokre tips å hente eller kanskje å gi??
Vibeke Mo
- helser frå solfylte Gausdal : )
Kommentarar
Hjørundfjordportalen hadde sin fyrste nyhende på lokalnytt den 28.11.05, etter det eg kan sjå, og det gjekk litt trekt i begynnelsen så det var litt tynt med stoff.
Den 14.2.07 hadde vi milliontreff, og dette var på vel eit år.Tre månader seinare var her 2 mill. treff, og i idag på nesten to år etter vi kom i gong, er vi komne over 4 millioner.
På Unike treff er vi komne oppi snart 231000, så det viser vi har ei fast brukargruppe. Kanskje skulle vi har feira litt meir slike million skifte. Kva meiner brukarane?
No i seinare tid har vi grovt rekna 7-800 besøkande kvar dag i snitt.
Hei!
Det var triveleg å få innspel frå nokon som steller med omtrent det same som vi gjer i Hedalen i Valdres!
Eg er altså redaktør på nettstaden http://hedalen.no. Elles er eg tilsett som pedagogisk leiar i Globalskolen, Norsk Nettskole. Hovudkontoret til den verksemda ligg i Volda..(Der var eg busett halve året i fjor.)
Hedalen.no vart starta i år 2000. Fram til i fjor var det bygdeutvalet i Hedalen som stod bak sida. Etter ei omorganisering vart nettstaden ei stifting. Eg har vore redaktør i 7 ½ år og har heile tida hatt med eit redaksjonsråd og eit styre. Sjå vedtektene til nettstaden her:
http://hedalen.no/OPPSLAG/2006/mai/42/
Fram til i fjor hadde vi direktepublisering på fora. Dette hadde vi ikkje berre gode erfaringar med, og vi bestilte ny, moderert forumsløysing. Det var Norsk Nettskole som leverte denne løysinga. Brukarane skriv sjølv inn innlegga sine, men dei kjem ikkje på nettet før eg har godkjent dei. Dette er ei løysing eg trivst godt med, for sidan eg er redaktør, så er det eg som har ansvaret for alt innhald på nettsida.
Sidene våre er elles laga på gamlemåten. Det vil seie at dei er bygde opp av malar. Det er FrontPage 2003, Cute FTP og Paint Shop Pro som er dei viktigaste verktya eg bruker når eg lagar oppslag eller andre sider. Navigasjonsstrukturen har eg laga sjølv, og det er Kjartan Haugen som har utarbeidd grafikken.
Mange brukarar skriv artiklar som inneheld både tekst og bilete. Desse må tilpassast til nettet. Sidan vi publiserer kvar dag, vert dette arbeidet om lag 25 % stilling. I alle dei sju åra har eg kunne ta ut litt lønn, men både eg og dei andre som leverer stoff til sida, har lagt ned mange dugnadstimar.
Sidene inneheld nettavis, fora, presentasjonssider av mellom anna lag, bedrifter, kyrkje og kristenliv og natur og miljø. I høgremargen på startsida har vi lenkjer til oppslag i andre nettaviser.
Eg har lagt vekt på at det skal vere lett å finne attende til gamle oppslag. Vi kan ikkje søkje i nokon database, men med hjelp av Google er det lett å finne fram på domenet. I tillegg er det ein oppslagsoversikt for kvart år. Sida vert på mange måtar ei lokal historiebok.
Les omtale av nettstaden i OA:
http://www.oa.no/nyheter/valdres/article3116446.ece
Med helsing
Arne Heimestøl
-redaktør på http://hedalen.no-