IMG_0753

Slik såg det ut ca. kl.12.30 før det hadde byrja å legge seg opp stein i vegbana.

 

IMG_0754

 Det var då overflatevatn på vegen mellom grustaket og fram til kufella (  Marteledet ) i bytet mellom Bjørke og Saure.

IMG_0765

Slik såg det ut få timar seinare.Som ein ser er det mykje stein som har flytta  på seg.

 

IMG_0758

Tyssefossen var mektig i dag. Det er ikkje akkurat stillt på Bjørke når den er så stor.

 

IMG_0746

Også lenger framme på dalen viste dei store vassmengdene att. Her frå myrane mellom Mork og Rørstad. Det er ikkje så godt å sjå kvar elva eigentleg går.

IMG_0755

Ljøsåna har 2 avgreiningar. Den eine kjem ned ved Bruasletta.  Som bilete viser hadde denne gått over kommunevegen. Men her vart det tidleg sett inn oppreinskingstiltak, slik at ytterlegare skade vart avverga.

 Stenginga av fylkesvegen førte til at musikkafèn på Haukly vart avlyst. Det vart også messefall for gudstenesta som skulle vere kl. 20.00.

 

Det store spørsmålet på Bjørke i kveld er :

 Vert vegen opna i kveld, eller må dei som skal ut å reise vente til i morgon ?