For å vere noko meir presis:  Sjå på kartutsnittet. Du er i rett område når du er litt vest for namnet "Steinreset" - i eit flatlendt område med eit par små tjern.

Kart Underverket

Ein eller annan stad i dette området ligg Underverket. Eg har ikkje vore der, men eg held meg til Torstein si beskriving.

Torstein K. Urke er fødd i Samdegarden på Urke for for 90 år sidan. Det meste av sitt liv har han budd i Vegsund i Borgund/Ålesund. Det er Torstein som på ein måte er utgangspunktet i denne historia:

Torstein 90 år 004(3)

Torstein Urke (Foto: Per Urke)

Saman med mange andre, deltok han på Heimkome-helga på Urke 18.-19. august. Han brukar rullatoren når han skal på tur og er engasjert i samtalar med kjentfolk. Ut av ein plastpose hentar han fram ein stein, og etter kvart kjem historia han sit inne med - og det er mange som lyttar:

 IMG_2587

Samtalen glei lett og vi var engasjerte... Frå v.: Underteikna, Torstein Urke og Ingebrigt Berg frå Skodje. (Foto: Hallstein Stennes)

"Eg var 11 år då eg fekk vere med bror min, Karl, ein søndagstur på Langsætra. Karl fortalde sæterjentene - og oss andre som var med - at lenger framme i dalen låg det ein mineral"skatt" som vi kanskje kan finne dersom vi gjekk manngard - ei systematisk leiting i eit bestemt område. Karl visste omtrent kvar ein skulle leite. Plassemannen "Nes-Fredrik" hadde kalla det "Underverket" og det høyrdest nesten mystisk ut...

Vi la i veg, og etter nokre timar fann vi det vi skulle! Ei grop i terrenget, ca. fem meter lang, vel ein meter brei og eit par meter djup. I nordenden var det eit hol så stort som ein god knyteneve og der rann alt vatnet ned. Eg slepte ein stein nedi, og eg høyrde steinen ramla i mange sekund ned gjennom holgangar!

I gropa var det mange fine steinar som glitra i sola og det er nok det som er grunnen til at namnet Underverket vart teke i bruk,"avsluttar Torstein og sender steinen rundt.  Denne steinen har lege på kaminhylla til Torstein i mange år.

 Kalsitt 003

Eit flott eksemplar av arten, seier Siw Brandal Godø. (Foto: Per Urke)

Eg fekk sjølv høyre om Underverket som gutunge. Det var Knut Leknes som fortalde meg litt om dette, men så gjekk det i gløymeboka, heilt til Torstein friska historia opp att i august! Eg har spurt mange på Urke om dei veit om Underverket, men det er berre ytterst få som veit.. Men Helge L. Urke har vore der og trur han skal finne igjen Underverket. Han har sagt seg villig til å vise meg og andre staden. Vi planla ein tur 14. oktober, men så kom snøen.. Så er det å håpe at det kan ordne seg med ein tur i løpet av komande sommar. Interesserte må ta kontakt med underteikna.

Helge L. Urke

Helge L. Urke - Bonde på Urke og kjenner av terrenget vi skal oppsøkje. (Foto:Knut Hustad)

Steinprøva er ein kalsitt, meiner leiar i Ålesund og Omegn Geologiforening, Siw Brandal Godø. Men ho vil gjerne gjere ei syreprøve før ho er sikker. 5. november er eg invitert på møte i foreininga og skal ha med steinen og har lova å orientere litt om "Underverket". Det er i alle fall eit flott eksemplar av arten, seier Siw etter å ha studert biletet av steinen.

                                     *************************

Eg har leita fram "Søndmørs Beskrivelse" av Hans Strøm og funne hans betraktningar frå turen han tok for over 200 år sidan gjennom Langsæterdalen på hesteryggen. Eg lurer på om han fann fram til Underverket?

Hans Strøm

Hans Strøm (1726 - 1797), professor, prest m.a. i Volda, naturforskar og topograf.

Gjennom lange og snirklete formuleringar og med gotisk skrift, skriv han side 324, II Parts VI Capitel:

"...Hvor disse (elvene) endtes, blev Dalen dyb som en Huule, hvori laae nogle små færske Vande; og tilsidst mødte, på Søndre Side av Dalen, en overmåde stor Sten-Dynge, som ei alene indtager den største Del af Dalen selv, men og af Tvær-Fieldets Vestre Side, mod hvilken Dalen standser; saa at man ingen anden Vei kan tage end over denne uendelige Mængde av Berg-Stykker, som deels være besprængte med grønne partikler av en fremmed Materiale (uden tvivl en Quartzum ---) deels overklædte med en begsort og glindsende Masse, kaldet Lichen filamenttofus ramofiffimus decumbens....  Efter denne Steenfulde Vei, som faldt mindre besværligt end jeg havde forestillet mig, kom jeg endelig op til det øverste av Tvær-Fieldet ----"

                                          ******************

La dette få vere 1. kapittel i historia om Underverket!

2. kap. kan hende kjem etter møtet med geologane?

3. kapittel må vel bli sommaren 08 når Underverket skal avslørast ??