Sist måndag vart det svarte skjermar for mange i Bondalen som såg på TV2.  Det private selskapet Bondalen TV-antennelag hadde ikkje lenger løyve til å sende og for ei tid tilbake vart det sendt ut brev om dette til alle medlemmane.

For mange vart dette ein sorgens dag då dei fleste i dalen heller ikkje får inn signala frå det nye,  digitale bakkenettet.

Men takka vere stor innsats frå Inge Aarseth og Endre Stokke kan no igjen medlemmane i TV-antennelaget få sjå fotballkampar og det andre som vert sendt på TV2.  Det er dei same innstillingane som tidlegare som vert brukt.

Til hjorundfjord.no seier Inge Aarseth at etter kvart vil alle bondalinar og hjørundfjordingar få inn alle NRK-kanalane.  Etter opplysningar han har fått kan kanskje anlegget til TV-antennelaget, som ligg på Halsen i Bondalen, også sende andre kanalar - om bondalingane ynskjer det - og vil betale for det.  I så fall vil det vere eit privat selskap i Selje/Måløyområdet som står for denne utbygginga.  Er det meiningar om dette?