Brukarmøte om Legacy for slektsgranskarar

DIS-Møre og Romsdal ønskjer medlemar og andre frå fjern og nær velkomne til brukarmøte laurdag 17. november kl. 11 på Høyskolen i Ålesund.

Møtet er for nybyrjarar og meir erfarne slektsgranskarar. Også ope for ikkje-medlemar av DIS.

Å forske på slekt krev ei viss systematisering, ein vil ha med namn, historiar, kjelder, bilde, film, lyd, lage rapportar, slektsbok, internettsider, lage CD-ar osv. Første steget er å finne eit slektsprogram som dekkjer behova. Det er fleire bra slektsprogram på marknaden. DIS inviterer denne gongen til ein presentasjon av den norske versjonen av Legacy 6.0 Family Tree, det får du både på bokmål og nynorsk. Kan lastast ned gratis frå internett www.legacynorsk.com, evnt. kjøpe Deluxe versjonen der.

 

Tema: Korleis bruke og gjere seg nytte av Legacy 6.0 Family Tree

Program:

Kl. 11.00 – 12.00 Uformell del, vi samlast og pratar, samarbeider og installerer programvare

Kl. 12.00 – 14.00 Multimedia presentasjon av Legacy 6.0 ved Arne Remvik

Dei mange funksjonane i Legacy 6.0. - litt om versjon 7.0 som kjem snart. Det blir også

høve til å stille spørsmål. Remvik er ansvarleg for LegacyNorsk brukarforum

Kl. 14.30 – 17.00 Tid for utprøving og rettleiing i bruk av Legacy 6.0 m.m.

Trådlaus tilkopling til internett er tilgjengeleg

Mellom kl. 14 og 14.30: mat og kaffe/te. Etter pausen jobbar vi saman og med PC-ar, - lærer og lærer frå oss, får rettleiing om Legacy og utvekslar erfaringar. Og litt slektsprat? Last gjerne ned Legacy før møtet. Du har også utbytte av møtet utan PC, men ein fordel å ha med, også om du ikkje har høve til trådlaus oppkopling. Primært ønskjer vi påmelding til møtet, utan kan vi ikkje garantere ledig plass. Pris for medlem kr. 50 og ikkje-medlem kr. 100 inkl. mat.

 

For meir informasjon og påmelding: Sjå heimesidene våre : www.disnorge.no/mr

LegacyNorsk brukarforum: www.legacynorsk.com eller kontakt: masu@adsl.no