Alle skeptiske spådomar var sjølvsagt heilt ugrunna; Sæbøveteranane gjennomførte på ny eit suksessrikt treff, der kameratskap og humør står i sentrum. Lokasjon er ikkje det viktigaste når denne gjengen møtest; det gode miljøet som alltid har prega fotballen på Sæbø lever vidare, også etter at ein oppnår veteranstatus. Det er desse årlege turane med gjenforening eit synleg prov på !
Intern fotballkamp er alltid eit høgdepunkt på desse turane, og i år var Paintball lagt inn som aktivitet før fotballkampen, det synte seg å være ei perfekt og ”adrenalin-fremjande” oppvarming. I år dukka det også opp eit ”wildcard” fredagskvelden som var med oss heilt til internkampen var ferdigspelt ut på dagen laurdag. Arild ”wildcard” Moe (busett i Florø og med tjukk slekt i Bondalen) gjorde ein framifrå innsats både som Taxi-guide, fotograf og fjerdedommar !
Komiteformann Audun Lyshagen fann seg fort til rette på
Rica Sunnfjord Hotell der me var innlosjerte.
Han stilte seg opp godt til rette bak hotellskranken,
og trudde ein augneblink han var på jobb i Volda….
Arild ”wildcard” Moe losar taxisjåføren trygt fram til paintballbana.
Arild er nevø av Asbjørn Moe i Jensgarden på Årset, og har feriert
mykje i Bondalen i oppveksten. Merittane til Arild i Sæbøfotballen
er 2-3 kampar som tilskodar + ei birolle som saftblandar i Selje-Cup 1984
Paintball-terrenget låg ca 10 minutt med bil frå Førde sentrum. Dette var ein fartsfylt aktivitet der killerinstinktet fekk eit kraftig puff, og me fekk varma opp stive musklar med løping, lav åling og kommandoangrep i ulendt terreng.
Fredagskvelden delar me alltid inn i 2 lag til fotballkampen, og same laga var også motstandarar i paintball. Me var 13 veteranar påmelde i år, men sidan Sverre Børge ”akillesskade” Hjorthaug måtte avstå frå både paintball og internkamp (han var dermed årets domar) var me 6 stk på kvart lag.
Wildcard var stødig fotograf.
Veteranane får instruksjon i paintball-reglar.
Frå venstre; Knut Inge Haugen, Rolf Egil Riise, Arnt Egil Hjellen,
Svein Jon Holen og Audun Lyshagen.
Lett og ledig stemning før me går i krigen. Kven ler sist ?
Frå venstre; Kjetil Leknes, Jens Forbord, Svein Jon Holen
og Rolf Egil Riise
Begge krigførande lag inspiserer terrenget. Kvar kan det kome
mogelege bakholdsangrep ?
Brødrene Brothers er klare til kamp.
Alf Ole til venstre, Kjell-Johan til høgre
Laginndelinga for paintball og internkamp var slik:
Kvite drakter: Alf Ole Aarseth (kaptein), Kjetil Leknes, Audun Lyshagen, Knut Inge Haugen, Henning Nydahl og Kjell Johan Aarseth
Blå kjeledressar i paintball
Gule drakter: Øyvind Ose (kaptein), Rolf Egil Riise, Arnt Egil Hjellen, Odd Rune Walseth, Svein Jon Holen og Jens Arve Forbord
Grå kjeledressar i paintball, bortsett frå kaptein Ose som av uviss grunn hadde ordna seg spesialtilpassa skarp blåfarge. Ville han helst være på det blå laget ??
Svein Jon Holen i ekte geriljastil rykkjer fram mot fienden..
Odd Rune Walseth har fått eit skudd rett i ”planeten” (trass i Hjelm)
men er like blid !
Laget til kaptein Ose tømer magasinet mot dei blå kjeledressane
i ekstraøvelsen ”løpende veteran”
Alle elitesoldatane samla etter endt dyst. Biletet fortel det meste
om stemninga !
Det blå laget gjorde reint bord i paintball og vann alle 3 innlagde konkurransar;
suverent flest treff i første øvelse, og me erobra også motstandarflagget til det grå laget 2 gonger. Det skulle verte meir suksess for dette laget også i fotballkampen….
Fotballkampen spelte me på kunstgrasbane ved Slåtten Skule i Førde, og med 6 på kvart lag vart det tilnærma sjuarfotball på halv bane. Komiteen hadde i år handla inn 2 draktsett, kvite og gule Umbro-drakter, finansiert frå veterankontoen, og det var vill jubel etter laginndelinga fredag kveld då draktene vart testa og godkjent.
Eit ess i ermet dette frå komiteen, og internkampen vert no om mogeleg enda meir seriøs enn tidlegare....
Sverre Børge var som nevnt årets domar, og var kanskje den som var mest nervøs før kampstart…Det er alltid intense kampar med høgt tenningsnivå. Sverre Børge la i alle fall lista svært høgt undervegs i kampen, og både beinkrok og lettare overfall vart utan betenkningstid tillete, og berre møtt med skuldertrekk frå domaren si side…
Internkampen går alltid over 3 x 20 minutt. Det kvite laget, ”Team-Alfie” hadde mykje sjølvtillit etter paintballen, og kanskje det var derfor Jens Forbord på ”Team-Ose” satte inn ei ureglementert kroppstackling på underteikna allereie etter eit par minutt av første omgang. Hjorthaug let seg ikkje affisere…Venstre handa til Alf Ole fekk hard medfart i denne situasjonen, og det som me først trudde var kraftig forstuing av 3 fingrar, synte seg i etterkant (etter røngten søndagen) å være eit brudd oppå handflata ! Kaptein Alfie fullførte altså kampen lykkeleg uvitande om bruddet i handa, og leda det kvite laget til ein overbevisande 18-11 siger over det gule laget. Kven snakka om at veteranar ikkje har ”stå på vilje” ??
Mange gode prestasjonar undervegs i kampen frå begge lag, og dei fleste kom på skåringslista. Rolf Riise åpna friskt med 2 kjappe mål til gult, og Øyvind Ose var som vanleg plasseringsdyktig og spelbar. Men kvitt lag synte seg fort å være fleire strå kvassare, med meir løpskapasitet og var betre organisert. Henning Nydahl imponerte med 7 mål i ei klassisk stasjonær spissrolle, og Knut Inge Haugen hadde fleire kvalifiserte redningar i buret. Samspelet til brørne Aarseth var også bra. Men banens beste var likevel veltrente Kjetil Leknes som temja ”villstyringen” Jens Forbord leikande lett med god fysikk og elles drivande godt fotballspel, både defensivt og offensivt.
Kvar er ballen ??
Intens konsentrasjon framfor målgården. Legg merke til at
Svein Jon har lurt seg fri i klar målposisjon.
Kaptein Osegutt på Gult vert omringa av 4 kvitkledde.
Kjem han seg fri tru ?? Neppe !
Fullt fokus på ballen.
Resultatet vart altså; Kvitt Lag – Gult Lag 18 - 11
Målskårarar Kvitt Lag: Henning Nydahl 7 mål, Alf Ole Aarseth 4 mål, Kjell Johan Aarseth 3 mål, Kjetil Leknes 3 mål, Audun Lyshagen 1 mål.
Målskårarar Gult Lag: Rolf Egil Riise 3 mål, Jens Forbord 3 mål, Øyvind Ose 3 mål, Arnt Egil Hjellen 1 mål, Odd Rune Walseth 1 mål
Obligatorisk er også straffesparkkonkurranse etter internkampen, og ikkje uventa vann kvitt lag også denne. I år hadde me også individuell straffekonk (kven står lengst uten bom) og her imponerte ringreven Svein Jon Holen kraftig og gjekk heilt til topps. Kanskje var det dei 2 hinka han tek i tilløpet som var avgjerande ???
Gult Lag; Bak frå venstre; Jens Arve Forbord, Øyvind Ose, Arnt Egil Hjellen.Sitjande frå venstre; domar Sverre Børge Hjorthaug, Rolf Egil Riise, Odd Rune Walseth, Fremst: Svein Jon "KÅ" Holen.
Kvitt Lag; Bak frå venstre; Kjetil Leknes, Audun Lyshagen, Alf Ole Aarseth Sitjande frå venstre; Kjellis Aarseth, Henning Nydahl. Fremst; Knut Inge "Banks" Haugen
Etter kampen var det litt avslapning på hotellet før bankettmiddag på ein restaurant som kunne by på god mat og drikke. Her fekk me god tid til å evaluere prestasjonane både på paintballen og i internkampen. Sjølv om det er blodig alvor når me konkurrerer så sit latteren svært laust etterpå, der både sjølvransaking og sjølvtillit går hand i hand.
Veteranane er enige i at med fokus på å halde den tilårskomne kroppen i form framover, samt halde kroppsvekta i sjakk, ja då får me kanskje ein invitasjon til Sæbø-Cup i 2008 ?
Kanskje ein eigen veterancup i jubileumsåret ??
Kjellis og Jens konstaterer saman med superveteran Per Aabel at det var imponerande innsats på fotballbana i dag :)
Knut Inge Haugen fordjupar seg i menyen med ei konsentrert mine.
Domar Hjorthaug gir skryt til Kjetil Leknes for ein særs god veterankamp i dag.
Veterangjengen samla til bankettmiddag. Frå venstre og rundt bordet:Øyvind Ose, Henning Nydahl, Odd Rune Walseth, Knut Inge Haugen,Kjetil Leknes, Sverre Børge Hjorthaug, Kjell Johan Aarseth, Alf Ole Aarseth, Rolf Egil Riise, Audun Lyshagen, Arnt Egil Hjellen, Jens Arve Forbord og Svein Jon Holen.
På søndagsmøta før avreise vert det alltid delt ut innsatspokal til ein av veteranane. I år gjekk pokalen til Henning Nydahl. Ikkje fordi han skåra 7 mål i internkampen, men fordi han var bidragsytar til at hans 3dje barn vart fødd 6 veker for tidleg, og dermed rakk dette veterantreffet !
Gravørjobben til Henning var i dette tilfellet utført med finslepen presisjon !
Alfie som fullførte internkampen med brudd i handa hadde nok også vore ein heit pokal-kandidat, dersom me hadde visst om dette på det tidspunktet, men det kjem nye sjansar til neste år for alle veteranar.
Komiteformann Lyshagen med årets pokal til Henning Nydahl.
PS. Kjellis kjem med det tradisjonsrike Møre-Nytt referatet rundt juletider. Men Portalen ligg som regel alltid litt foran J
"Wildcard" har stått for dei fleste bileta i denne artikkelen og skal ha stor takk !
Takk også til alle Sæbøveteranar for nok ein strålande tur !
Kommentarar
Kanskje litt mykje unødvendige resultatopplysninger men ellers svært bra! Og det er takket vere den beste besluttning komiteen nokon gong har tatt, nemlig å sette årets komite under administrasjon!!
Takk ALF INGE SLINNING!!
Sprtslig helsing frå SMURF:-)
Heilt naudsynt å sette årets komite under administrasjon...etter tildels uforsvarleg pengebruk av veterankontoen ! (då snakkar me sjølvsagt ikkje om draktene)
Men alt er under kontroll no :)
Mvh Alf Inge Slinning
Veteranturnering? Nja, skeptisk...Hovdebygda t.d hadde sannsynlegvis stilt omtrent det same laget i begge turneringane. Og fotballformann Øyvind Taklo? Ville han spelt på veteranlag eller a-lag?
Mitt forslag: 6 lag i Sæbø-cup 2008. Dei lokale laga + Sæbøveteranane. Det sportslege nivået vil auke fordi unghynane vil kjempe innbitt for ikkje å bli audmjuka, medan publikum vil oppdage kor mykje rutine og taktikk betyr.
Og så kan Toppjournalist Rune endeleg få arrangert relaxen sin på Sæbøneset også.
ps. Kå: No skjønar eg kvifor du rauk ut så tidleg i paintball når du berre har blåbærlyng som cover.
Vil me verte løpt i senk ?
Eller vil dette være eit friskt innslag i jubileumsåret, der veteranane kan senke skuldrane og spele heilt utan press.
Turneringsforma med 20 minutts omgangar er me iallefall vande med, "Cup er Cup" og ein skal ikkje kimse av rutine...
Ka sei du Svein borte i Hovda ?
Har du lyst å møte jamnaldringar :)
Kva seier cupgeneralane Ø.Taklo og Rune Sæbønes ?
Rune er vel forresten på Cuba akkurat no og hentar inspirasjon til Relaxen..
Kanskje me kan få ei lita uoffisiell meiningsmåling frå publikum her på portalen.
Berre legg inn kommentar.
...og kva med veteranane som ikkje var med på årets tur ? er dei i trening ? Passar Jørund Walseth på kondisen, eller er han berre oppslukt i trenarrolla nede i Halden ? Kva med Asbjørn Langø oppe i Kristiansund, har han sjonglert med ballen i det siste, eller hoppar han over treninga like lett som internkampen i 2005 ??
Kva med Vidar Holen ? Frank Urkegjerde ? Øyvind Johnsen, Svein Ove Walseth ? Kenneth Nydahl ? Bård Forbord ? Ivar Osvoll ? Alle desse må passast nøye på fram mot ei evt cupdeltaking i 2008
Ein ting er iallefall sikkert; me har ein brei stall :)
Dette er svært lovande takter, som allereie er notert i veteranprotokollen.
Alle veteranar skal gjennom seeding før neste tur (4 seeding-nivå) Dette vart nedfelt i vedtektene på siste søndagsmøte. Seeding vert basert på innsats på tidlegare veteranturar, treningsiver, rapportert formutvikling, vektkontroll, diverse gammelmanns-skavankar (det me likar å kalle idrettskade :), samt historiske merittar på fotballbana.
Nålauget er trangt for å kome på seeding-nivå 1, berre så det er klart :)
Men her har dokke 2 iallefall lagt inn gode søknader for evt klatring. Seeding vert etterkvart lagt inn på veteranane si eiga heimeside.
Med sportsleg helsing
Administrator Alf Inge Slinning
D viste sei tili at vi ikkje hadde nok folk til den siste kampen grunna bryllaup-skader og jobb-situasjon.. So då va d berre å ta tlf å ringe til tiligare spelara..
No skal ej ikkje navngi spelara som takka nei til kampen men der va iallefall nokren so va med på årets tur!!
So til kampen:Oddmar viste at forma e intakt sjølv om han meinte at 5min va meir enn nok..(han spelte heile første og halve andre!!!)
Normann kom inn siste 20 å fekk STREKK første 10meter løpet, men viste at han veit kar måle står.Sjøl om den største sjangsen kom på feil fot å gikk like utanfor!(tenk viss den hadde landa på go-foten??)
Smurf kom inn siste halvtimen å viste ei ro på bana vi ikkje he hatt før i år.. Han balanserte midtbana og dytta ballen enkelt til medspelara og viste at å ver fødd i 1962 e inga hindring i dagens 6-divisjon!!
So her snakka vi 1-seeding på desse karane!!!
Ellers friskt av Smurfen og Normann!
Smurfen er allereie trygt plassert på nivå 2, men dette lignar på opprykk. Solid ! Rolf Egil leverer alltid varene.
Berre send inn rapport Jan Kjetil, så fort det dukkar opp veteranar på A-trening.
Bryllaup-skader bør ikkje være noko problem når festen tek laust. Berre sjå her:)
Vals-Vridning i kneet
Ballalaijka-Brudd i hofta
Salsa-Strekk i låret
Polka-Pine i hælen
Tango-Trøttleik i Trapez-muskelen
Samba-Slitasje i Stussen !
Reinlender-Rivning i Ryggen
Breakdance-Brist i bringa !
Rumba-Rotasjon i leddet.
og ikkje minst fare for Nachspiel-Nakkesleng !
God helg :)
Bortekampen mot Norborg 2 enda me en 2-1 seier,etter et sjølmål og Stig Harald Myklebust.
Begge måla kom etter corner!
So no he vi et veldi bra utgangspunkt til returen neste Laurdag..
MØT OPP Å STØTT OSS...
Norborg hadde ei bra heimeside www.norborg.com
Legg merke til forhåndsomtalen om KM-kampen.
Tydeleg at dei har gjort bra research om Sæbøfotballen med mykje info, og dei har også sjølvsagt oppdaga Hjørundfjordportalen, t.o.m bilete av saudehaudet på Bondalseidet er lagt inn i artikkelen :)
Biletet av garderobedøra til Norborg frå kampen i 1992 vekker sikkert til live eit fortrengt minne til syndaren dersom han les dette....
Men heilt oppdatert på alle KM-titlane til Sæbø er dei ikkje; Både 1979 (6 div), 1980 (5 div) og 1988 (6 div) manglar i oversikta.
og så kjem det vel ein ny komande laurdag !
Innføringa av seeding av veteranane har vorte ein umiddelbar suksess. Alle er engstelege for å havne på nivå 4 eller rykke nedover i seedingsystemet...dei fleste har difor lagt seg i selen for å kome i betre form, og Slinning har fått rapportar om både treningsdagbøker og nyinnkjøpte badevekter :) t.d er Svein Jon og Smurfen observert på regelmessige løpeturar, Audun har kjøpt seg ny fotball og triksar i smug, Svein Ove har byrja på Mastergrad i treningsmetodar og BMI kontroll, Kjellis prioriterar fotballtreningar framfor husbygging og Arnten har kutta ut å ta med seg marsipankaker heim etter jobb !
Veteranlaget vil få spesialtilpassa treningsopplegg utover vinteren, og me legg opp til 2 formtoppar; i juli og oktober 2008
"Cubaner-Rune"; har du nokre tankar/innspel rundt Sæbø-Cup 2008 ? eller går det mest i høg sigarføring til Relaxen :)
Veterangutta frå Sæbø vart gamle..
Dei tok initiativ for å gjengen samle
Med ein tur kvart år
Vart det fotball og tår
Ikkje rart at me kvarandre vil savne..
Og God Jul til alle Hjørundfjordingar !!
Veteranane stiller eit svært rutinert og motivert lag, der dei påmelde har gjennomført ein vinter og vår med god treningsiver for å stille best mogeleg rusta til cupinnsats.
Trur dette laget vil være eit friskt innslag i årets Cup !
Ein liten nedtur var det at eit av våre viktige offensive trumfkort, Jørund Walseth har skada foten sin stygt i ei båtulukke. Han er då uaktuell på bana. Men ikkje så gale at det ikkje er godt for noko, Jørund tek no rolla som coach for veteranlaget under cupen. Beklager Jarle men sonen din snappa trenarrolla rett framfor nasen din..
Me har ein samla tropp på 16-17 mann påmelde til cupen, og ser fram til å møte dei lokale laga; Vartdal, Åmdal, Ørsta og sjølvsagt Sæbø A-lag i 2 x 20 minutts omgangar.
Snittalderen på veteranlaget er 37,2 år der Smurfen på snart 46 er eldst og Oddmar Aklestad på 32 er yngst. 5 av dei påmelde veteranane er over 40 år.
Kan veteranlaget med all sin rutine kjempe seg heilt fram til ein finaleplass i årets Cup ??
Oppfordrar herved alle Hjørundfjordingar og andre til å heie på veteranlaget i årets Cup!!
Dette kan verte eit morosamt gjensyn med Sæbø Stadion for mange av veteranane som spelte sine siste kampar for Sæbø for fleirfoldige år sidan.
Kan bekrefte at lokale heltar som f.eks Svein Sæbønes, Bård Forbord, Normann Dimmen, Colly Strand og Henning Nydahl stiller for veteranlaget.
Trur dette blir eit gledeleg gjensyn for publikum også.
Med helsing
Veteran-administrator
Alf Inge Slinning
Tar på meg å dømme veteranane sine kamper, regna med det blir en greie kamper å dømme, og med godt tempo?
Daginn Strand 35 år.
Her er foreløpig tropp:
Coach: Jørund "Mourinho" Walseth, 34 år
Rolf Egil Riise, 45 1/2 år
Normann Dimmen, snart 43 år
Alf Ole Aarseth, snart 43 år
Svein Sæbønes, 41 år
Stig Storborg, 41 år
Henning Nydahl, 39 år
Kenneth Nydahl, 38 år
Bård Forbård, 36 år
Kjell-Johan Aarseth, snart 35 år
Knut-Inge Haugen, snart 35 år
Odd Rune Walseth, snart 35 år
Øyvind Taklo, snart 35 år
Bjørn Ove Strand, 34 år
Kjetil Leknes, 34 år
Svein Ove Walseth, 33 år
Sverre Børge Hjorthaug, snart 33 år
Oddmar Aklestad, 32 år
Me gler oss sjølvsagt til å delta i cupen.