Vi har sett han før, han svinsar og svansar rundt i Sandvika og verkar stadig meir husvarm og lite menneskeredd. Han er nok ikkje så gamal, iallfall er han veldig nysgjerring på barnehagen. Kanskje har han funne mus her? Vi har jo sett dei vi med. Eller kanskje er det restane av maten vi et ute som fristar?

 røven 1røven 2

Leiken er han iallfall, i dag hoppa han rundt sandkassa og fanga plastbitar og lauv. Hilde seier at no må vi byrje å skremme han bort frå barnehagen. Reven er ikkje farleg, men han kan bli redd og då kan han kanskje bite. Og det vil vi ikkje. (Nokre av ungane våre har rev og mink heime, og fortel at dei kan bite).

 

røven3røven4

Men vi lurer litt på korfor han ikkje er oransje som andre revar? Dei vaksne seier det er ein sølvrev, men han er jo mest svart? Og kor i allverda kjem han i frå?