Ja, vi veit det. det har vore veldig vått i år. Var det nesten ein halv meter regn vi fekk i september? Slikt kan det bli mykje moro av - iallfall om ein går i barnehage.
Regn er verdifullt, og må samlast saman i bøtter og spann. Kampen om vassrettane kan verte innbitte:"...eg var her først!"
Vatnet samlast i større reservoar som blir basseng, hamner og verdifulle område som vernast mot vasstjuvar. Traktorar kjører gjennom store vassmengder, litt lenger borte i sandkasse prøver ein flokk dinosaurusar overleve.
Nokre undrar seg, dammane blir jo aldri tomme. Kor kjem alt dette frå? Er det englar som gret, eller...?
Så var det denne påstanden om at det ikkje finst dårleg ver, berre dårlege klede. I år har veret vunne den konkurransen ofte. Dei som arbeider i barnehagen sukkar, og foreldra spør: Koss klarte du å bli så våt! Men no veit vi det ......
I førre veke fekk vi ein smakebit på korleis vi ønskjer at hausten skal vere. Tørt og passe v varmt - lette klede og ingen som blir våte. Drømmever, det gjer ingenting at sola er heilt vekk bak fjella da.
Helsing barn og vaksne i Sæbø barnehage
Kommentarar
Eg veit det, for eg har vore ute å gått på tur 2 gonger i dag..... Har støvla, regndress og sydvest:-)