Det har vore alt for lite fjellstoff på portalen i det siste (hmm...).  Lite med konkurransar har det også vore.  Dette må det rettast på.  Så kva heiter fjellet i bakgrunnen?  Ser fjellet svært så uskarpt ut, så ikkje fortvil.  Det skal vere slik.

Eit lite hint.  M.a. dette fjellet gjer at eg ser fram mot vinteren(etter jul) med glede.

IMGP0355 (Large)

Kva heiter fjellet med snø på toppen?

IMGP0360 (Large)

Kanskje litt klarare her?

IMG_3866 (Large)

Og her står fotografen på Dukhornet og fotograferer nedover mot Bjørke/Åkre.  Fotomodell er Fred Ingar Somby, som heilt sikkert gler seg til snø  og vinter...