Dei tre bandmedlemmene som opprinneleg er frå Volda er for tida på sin andre noregsturne og tek då turen innom ørsta for å spele der. Bandet spelar mondags kveld på Garage i oslo, tysdag på Blæst i trondheim, onsdag Rockehuset i Halden og torsdag tek dei altså turen innom heimtraktene. Eg tok ein prat med bassist  Daniel Klepp og fekk ein liten situasjonsrapport.

Er artistlivet så godt betalt at dykk kan halde gratiskonsertar i hytt og pine?

-Ikkje eigentleg, vi går i dundrande underskot. Situasjonen er slik at kaihuset har hatt problem med at det ikkje kjem folk på arrengement som kostar. Vi held difor gratiskonsert. Vi må vise ungdommen gleda med å gå på konsert så kanskje vert dei meir interesserte å reise på slike typar arrangement.

 live

 Sceneshow! Afterbirth har også visuelle kvalitetar. På biletet Daniel Klepp og Jens Olav Dankertsen.

 

 

Så motivasjonen for å spele er med andre ord ikkje pengar? -Det vi tenar på denne turne'en er omtale og PR. Vi har bla. spelejobbar på Garage i Oslo og Blæst i Trondheim som er viktige scener i med norsk rock-samanheng. På Blæst skal vi forresten varme opp for Eletric Eel shock frå Japan som har turnert over heile verda.

 

Musikken kan karakteriserast som rock. Daniel vil ikkje setje musikken i nokon bestemt bås. Dei har element frå fleire av sjangerane under rock. Ikkje enkelt å gi nåkon konkret karakteristikk. Beste er å la sansane avgjer. 

Eg vil til slutt råde alle som liker rock eller som vil oppleve musikk av høgste kvalitet om å ta turen innom Kaihuset torsdag 1.november. Det er ikkje øvre aldersgrense på dette arrangementet, men det er sjølvsagt RUSFRITT.

Underteikna vert i alle fall å treffe der. 

slenger inn eit favorittsitat eg tykkjer glei godt inn:

"Difor skulle folk vera takksame over at det finns folk som brukar dyr ungdomstid på noko fullkoment lønlaust, fordi dei har ein song inni seg" -Tarjei Vesaas

 

P.S: Hugs Halloweenparty på Grendahuset Fredag!