Etter stor suksess med debut på Istanbul Restaurant og Nattklubb for 2 veker sidan, skal Black Sheep igjen spele til dans, denne gongen er komande laurdag  på Viking Fjord Hotell i Ørsta.

Black sheet
Bakfrå v.:Svein Ivar Holen, Arnt Egil Brautaset og Tom André Holen               Framme frå v.: Øystein Nybø og Sigurd Nybø.Joakim Pettersen var ikkje tilstades.

Bandet har ei besetning på 6 mann, der halvparten er hjørundfjordingar. Med i bandet er, Svein Ivar Holen (gitar), Tom André Holen (bass), Arnt Egil Brautaset (gitar), Sigurd Nybø (trekkspell), Øystein Nybø (slagverk) og Joakim Pettersen (el-gitar).

Det var bortimot fullt hus på Istanbul då dei spelte der, og stemninga stod i taket. Det var over all forventning seier gutane, og det var kjempekjekt. Etter den flotte debuten vart dei booka inn til 5 spelejobbar til, no fyrst på Viking Fjord Hotell.

Bandet spelar god dansemusikk innan country/countryrock. Dei er innom både lokale, nasjonale og internasjonale artistar, så det skal vere noko for einkvar smak.
Øvingane er på Rekkedal Skule  kvar søndag, og det har dei gjort sidan juni måned.

Dei tek på seg jobbar i alle anledninger, det er berre å kontakte ein av medlemmene,

Hjorundfjord.no har treft karane og til no har dette vore ei svært kjekt og oppmuntrande, seier dei. Komande laurdag håper dei at dei kan få sjå mange hjørundfjordingar på dans,  på Viking Fjord Hotell, der dei startar spelinga frå klokka 22.00.

Karane ynskjer alle vel møtt på dansen, med okesteret sitt, Black Sheep!