Her er Alexander, Nikolai, og Sunniva klar til full innsats i potetåkeren.
Åkeren har vore på ulike stadar, oppi bakkane på Stokke, rundt omkring på Gamlerise, men i år var den nedanfor løda på Stokke.
Her er gjengen i kjent stil, Ole kjøyrer mest utan stopp når vi er mange som plukkar.
Frå venstre Rolfen, Bente, Marit, Sunniva, Rebekka, Mikkel og Alexander.
Her er maskinparken i orden, dette er reine "potetmercedesen"
Dette er luksus for meg som vaks opp i "våtmark" der kvar potete måtte plukkast med hakkegrev!
Som de ser her, må ein tidleg krøkast som god krok skal bli!
Eskil er plassert trygt på sidelinja, alle er med!
Litt sjonglering, Sunniva er reine sjongløren, men Marit ser beundrande på.
Det var litt fleire som prøvde seg på sjonglering, men med mindre hell.
Det er ikkje rart at ein frustrert ungdom kan kjyle ei småpotete eller to etter slike velplasserte blinkar!
Frå venstre Nanna, Rolfen og Arve.
Det er nokon som kan det, Nikolai finn ei god stilling å slappe av i etter ei arbeidsøkt.
No er kassene fulle og sekkane godt oppfyllte, vi har antakeleg potete til neste haust, alle saman.
Blitsen var fyllt til randen før åkeren var tom.
Store fine potete, godt potetår!
Litt tid for pause, sakeleg potetprat, ja dinne gongen gjorde me rett, sette passe småpotete.
Her er Nikolai med ei flott samling "potetekjerringa"
Ekje dei fine vel?
Og so er det mat, nydelige kanelsnurra med sukker på og kaffi til.
Med mold på hendene ...smakar det ekstra godt!
Alle kosar seg med maten.
Her ,litt utenom tema, Marta har fått sydd ferdig rullapølsene, snakk om matauk!
Kommentarar
Ein ting vi gutane passa på var å lage oss rognetrode som var spissa i enden slik vi kunne sette på småpoteter, og då hadde vi ei kraftig slynge, så poteta kunne gå langt avgarde. Denne troda måtte vi lage til kvelden før, og gøyme den så vi hadde den klar til dagen etterpå. Det var ikkje så populært å kaste poteter og skulle vi treffe einkvan så var ikkje potetåkerpolitiet langt unna, og då var det kort prosess.
Det var i allefall kjekt å sjå denne artikkelen om potetopptaking på Stokke. Kanskje neste år vil husbonden lære frå seg å kaste poteter med rognetrode, han var sikker skikkeleg god til det for ei 40 år sidan!
Syns å huske at me lærte på Gjermundnes at små sette-poteter gav få store poteter og store settepoteter gav mange små. Kan dette stemme? Teorien må være antal ålar?
Dinna "potetetroda"he eg ikkje haurt om, det var artigt.
Ole må ha eit "kurs" neste år.
Og tenk på alle som aldri har sett slikt før, og som kanskje kjem i tvil om poteta veks i tre eller blir laga i store fabrikkar1
#;-)
Takk for potet-hugnad!
Han far kunne no svare for seg, så han sa: Nei våre potete e so store at dei vinn ikkje noke med dei. Då grynta han Andreas tilbake: Du verte no f... ikkje bedre!