Eg sat i hytteveggen på Bondalseidet og kosa meg med kaffi og niste i går, laurdag, i middagstida. Deretter køyrde eg vidare mot Sæbø.
Like før eg kom til vegdelet til Eide, møter dette makabre synet meg! Sauehovudet ligg på kvitstripa på høgre side, akkurat som biletet viser.

Ikkje vidare vakkert....
Eg skal altså tilgi reven, men dersom det er tobeinte som har funne på dette, vitnar det om total mangel for respekt for dyra og deira eigenverd. Eg tenkjer og på eigaren som utan tvil er glad i dyra sine og må kjenne seg ille til mote ved å sjå ein rest av eit av dyra sine på ein slik måte! Hugs at saueeigaren set like mykje pris på sine dyr som dei som eig hund, katt eller hest....
Eg veit og at fleire saueeigarar brukar dag etter dag på denne tida for å leite opp dei sakna dyra sine. Dersom ein tjuvslaktar etterlet dyr på denne måten, kan det vere bra om eigaren får kjennskap til dette. På bileta har eg sladda eigarnummeret, men eigaren skal sjølv kunne identifisere dyret!

Nummer og namn!
Ver varsam plakaten. (16.10.2007 kl. 19:27)
Denne nyhenda var godt innanfor ver varsam plakaten.Vi må ha rom for nyhende som ikkje alletider er så hyggjelege. Det var fleire som reagerte på dette sauehovudet og meinte at portalen måtte skrive om det, men eg kunne ikkje kome ifrå.Skulle dette være eit uhell av noko slag så tek vi ei avklaring her, eller er det ein rev som er syndaren, så er det vel lite vi kan gjere.
Men er her "rovdyr" på to bein som driv på i markane våre, så skal portalen gjerne ta bilete og lensmannen skal få avgjere om dei skal offentleggjerast. Eg synest det er upassande å kalle dette slarv. Takk for ei fin nyhende Per, og vi oppfordrar folk å skrive om slike saker frå vårt daglege liv.
Hjørundfjordportalen Administrator
Over og ut! (16.10.2007 kl. 16:57)
Det var slik samtalane over fiskeribølgja slutta før! Det var ikkje mi hensikt å skape bølgjer og slarv ved å legge ut saka.
1. Eg har påpeika at vi skal ha respekt for dyr og dette var respektlaust, dersom det var menneskeverk! Reven veit ikkje betre.
2. Dersom det er tjuvslakt som ligg bak, har det interesse å avsløre det.
3. Eigarnummeret var utsladda for å ungå ei open knytning til eigar.
4. Eg rekna med at aktuell sauehaldar kunne ha interesse av å vite kven sitt dyr det er, jfr. melding av tapt sau og ev. om det framleis var grunn til å leite etter dyret. Eg veit framleis ikkje kven som eig dyret og har ikkje interessa av å vite det! Men leiar i saue- og geitavlslaget har originalbileta og skal kunne opplyse eigaren om kven sitt dyr det er.
Per Urke
(16.10.2007 kl. 12:10)
ja om det er den sauden vi slakta da..har ikkje grevd opp for å sjekke om alt av lemningane er der:p..men vertfall..ditta var tanken so slo mej da..i å me vi slakta forge helg osv..men om eigaren på nr på øra ikkje er Kjell Standal, har det saudehaude ingenting med det ej skreiv å gjer..
Bente Tangen
(16.10.2007 kl. 11:46)
Bra dokke spekulera å sladra om alt her i bondalen..MEN må virkli skuffe dokke der ja.... Dinna sauen,fekk ej av sonen til Kjell Standal i 2004,og var eit flaskelam om ej ikkje huskar helt feil.Den tanken ha vell aldri slått dokke ka? Å når det gjeld haude har havna der det låg, er det fordi vi slakta sauen som vi hadde, og har beklageli nok ikkje grevd restane av sauden langt nokk ned,slik at "rovdyr" hatt grev det opp og tatt det med seg.Mennesklifeil..
Bente Tangen
Vi lurer framleis, men... (16.10.2007 kl. 10:37)
Det er bra at bruda ikkje vart hefta! Gratulerer!
Hovudet vart fjerna før søndag middag. Det har ført til at mulige eigarar har ringt og vil ha detaljar om kvar det låg. Det har vore leita etter hovudet etter det vart fjerna og eigar vil vurdere å melde saka til politiet. Bileta, utan sladda eigarnummer, vil vere eit viktig bevis.I løpet av i dag, tysdag, blir det klarlagt kven som er eigar og så blir det opp til eigar å følgje saka vidare.
Per Urke
Om nokon måtte lure. (15.10.2007 kl. 23:34)
Det er ingen bondaling som har eigd denne sauen. Eg har truleg snakka med eigaren i dag. Han har ikkje slakta nokon sau, men han har mangla nokre vaksne sauer på utmarksbeite. (Denne er fødd i 2004) Kva som har hendt kan ein berre spekulere i - kanskje har det vore rovdyr på ferde?
Knut Hustad
Fælt syn (15.10.2007 kl. 22:56)
men tenk alle som køyrde forbi, som faktisk kunne ha stoppa å fjerna det, men ikkje gjorde det. Eg vurderte det i eit sekund, men eg var på veg til kyrkja for å gifte meg(med kjole...), og var allereie seint ute....
Unn Frøland
Grusomt syn (14.10.2007 kl. 18:23)
Dette var det nok mange i Bondalen som møtte i går, vi kjørte forbi og fikk oss ein bra "kjipp" når vi såg kva det var. Det skal vel godt gjerast visst det er dyr som har plassert Sauehovudet på denne måten. Om det ikkje er nokon som har funne det og lagt det der for at eigaren skal sjå det..dette blir ei gåte.
Grusomt var det hvertfall, ikkje noke særlig syn for små unger hvertfall.
Synnøve Mo