Ann Helen ordna kontakta med veirgudane, og vart haurde.
Me lasta i bilane, til Goksøyr me kjaurde.
Sola ho steikte,
me alle vart heite.
Ditte va spreke tause,
Visst kan me trenge ei pause.
På Raudetinden var det var det premieutdeling,
litt Hirkumpirkum på deling.
Då me nærma oss fyret, gjekk sola i havet,
No var det verdt det, alt slitet og kavet!
"prestemakshjort" smakte godt utpå fyret,
Ann Helen og Ingvild ordna med det styret.
Tre hyttevakter kom på visitt,
Dei tok oss med til naustet på ein titt.
Dei hadde historier og konjakk å servere,
Snart vart Petra klar til å deklamere.
Latteren sat laust og historiane var mange,
kvelden var ung ,og natta var "lange"
I mørkna kan det vere skummelt å gå på utedo,
Så då er det kjekt, der er plass til to!
Etter natt kjem det dag,
Då treng me mat av alle slag.
Her er vi samla på Rundabranden,
kan de sjå det er "kvinner på randen"?
Dei fleste fuglar var reist til varmare land,
Men Havsula og Krykkja held seg på den kjølige strand.
Fantastisk utsikt for spreke tause,
Her var det sannelig godt å ha pause.
Dette var litt av eit eventyr,
Helsing "pleiarane" på Runde Fyr!
TUSEN TAKK TIL DEI SOM VAR MED!
Alvhild Ville, Marit Skår, Sigrunn Hjellen, Petra Karin Krøvel ,Oddhild Haugen Øye,
Haldis Fiskå Mo, Unni Strandmann, Janneche Myklebust , Ann Helene Urkegjerde,
Ingvild Åmbakk,Bodil Skare.
VI GLER OSS ALLEREIDE TIL TUR NESTE HAUST,
FOR PÅ HJØRUNDFJORDHEIMEN, SIT REISELYSTA LAUST!
Kommentarar