På menyen stod heimelaga bacalao, sosialt samvær og dans. Eg roser arrangøren for eit flott tiltak, eg ser på dette som bygdemoblisering på høgste plan, og er med på og gjere Bondalen til ein attraktiv plass og bu. For vi som møtte opp, så fekk vi ein kjekk kveld, ros til styret og spesielt til Jan Ole Valseth for framifrå vellykka måltid , bare så synd at dei ikkje vart premiert med godt frammøte og solid overskot, etter det eg har fått opplyst så går regnskapet kanskje i balanse.  Kvifor møter vi ikkje opp, ikkje ein gong portalens ivrige reporter tok seg tida til å stikke innom og lage eit innslag.   At ikkje alle kan møte er noko arrangøren veit, men at så få møter,  det er eit stort problem. Kva skal til for å slite oss laus frå TVen? Eller er der andre årsaker?