Kring haustferien plar det vere optimale tilhøve på denne breen, like ovanfor verdas vakraste fjord. Dei siste fem åra har iallfall eg treft tilnærma perfekte istilhøve på dette tidspunktet, etter at fjorårssnøen har brea seg skikkeleg, men før årssnøen har lagt seg. Straks vinden har lagt seg på austing, har eg vore rask til å ta med meg ein son eller ein kompis for å oppleve den kontrasterande naturen i denne spesielle årstida, der fargane vekslar mellom kvit melis på dei høgste toppane, blåaktig is, gul-raud botanikk og djup-blå fjord. På sjølve breen kan ein variere mellom sprekkevandring med stegjarn og isøks utan tau, topptauing og leding. Når godveret endeleg kom i år (fredag 28. sep), hadde årssnøen allereie lagt seg tjukk nedetter breen. Likevel fann Jon Hjorthaug, Terje Myklebust og underteikna gode istilhøve i nedre deler av breen.
Kolåsbreen
Det har vore ein lang og grå seinsommar, men nett når det ser så mørkast ut, er det duka for haustens vakraste eventyr; ein klatretur til Kolåsbreen.
Lagt inn av
Stig Helset
03.10.2007 00:03
03.10.2007 00:03
Stikkord
Stikkord gjer det lettare å finne fram til stoff som er i ditt interesseområde. Du kan trykkje på eit stikkord for å få fram innlegg som liknar på dette.
Kommentarar
For 10-15 år sidan nådde ei arm av breen inn mot stretet. Heile breen har minska i mykje i utstrekning og kanskje 5-6 m i tykkelse. Sannsynlegvis er nær 50% av ismassa borte. Det ser ein best med ei kraftig nedsenking oppe på breen og avdekning av bergområde aust for toppsprekka.
Per Atle Røe
Her er bilder frå Kolåsbreen og Kolåstinden frå slutten av august i år...
http://www.follestaddalen.net/2007_Kolaasbreen_tinden/thumbnails.html
http://www.follestaddalen.net/2007_Kolaasbreen_tinden/thumbnails.html
Torill Nydal
Kolåsbreen har som dei fleste andre brear i Noreg krympa nokså mykje dei seinare åra, sjølv om det kan vere einskilde år med så store snømengder at breane aukar midlertidig.
stig helset
stig helset
Stig Helset
hvordan er størrelsen på breen i forhold til tidligere år?
Fred Ingar Somby
Kunne tenkt meg å ha sett fleire bilete frå turen dykkar. Dette såg spennande ut...
Håvard Myklebust