Bjørke grendalag med Cecilie Rørstad i spissen har i lengre tid jobba for å finne område i Bjørkeområdet som kan vere eigna for utbygging av klyngetun, dvs. område der fire-fem hus kan byggast- og utgjere eit tun.
Hjørundfjorden bygdemobilisering har også no teke tak i denne saka og ynskjer at det snarast råd vert funne areal i Storfjorden som kan brukast til føremålet og som politikarane til sjuande og sist kan godta. Det er Cecilie Rørstad og Per Atle Røe som er i bygdemobiliseringa si arbeidsgruppe for klyngetun. Det er funne fram til to område som Bjørke grendalag meiner er eigna til føremålet og område som grunneigarane frivillig vil avstå.
Sist fredag var det synfaring i området. Arbeidsgruppa ynskte å møte fagfolk frå ulike offentlege etatar for seinare også å evt. søkje råd med desse for å få gjennomslag for prosjektet. Frå fylkesmannen si landbruksavdeling møtte Kari Bjørnøy, frå Ørsta kommune møtte landbrukssjef Olav Klokk og avdelingssjef for Plan og Miljø, Gunnar Wangen. I tillegg møtte leiaren for landbruksnemnda i Ørsta, Jostein Bjørdal, leiaren for Næringskontoret i Ørsta, Martin Foldal, samt grunneigarar og representantar for Hjørundfjorden bygdemobilisering.
Kari Bjørnøy frå Fylkesmannen si landbruksavdeling og landbrukssjef Olav Klokk.
I si innleiing på Bakkegarden der Cecilie Rørstad orienterte om prosjektet før synfaringa, kom ho inn på ei positiv utvikling i områet i det siste. M.a. har fleire unge flytta heim dei siste åra og to barn vart fødde i området i 2006. For å halde fram med denne positive utviklinga trengs det meir tilflytting - også av personar som ikkje er fødde i området. Område som er regulert- og tilrettelagt for klyngetun vil kanskje føre til meir tilflytting, vona Rørstad. Ho understreka også at det var viktig at grunneigarar var villige til å avstå grunn frivillig dersom det skulle verte rask framgang i prosjektet.
Dei to områda som er aktuelle for klyngetun og som det etterpå var synfaring på, ligg på Sellereite på Leira og Lessingane på Åkre på Bjørke.
Frå synfaringa på Sellereite. Frå venstre Gunnar Wangen, leirar for Næringskontoret Martin Foldal, Olav Klokk, Ole Jørgen Mork og Kari Bjørnøy frå Fylkesmannen si landbruksavdeling.
Landbruksnemnda har tidlegare gått imot det aktuelle området på Sellereite på Leira. Under denne synfaringa understreka Olav Klokk at han slett ikkje var imot klyngetun, men han peika på eit anna område lenger nede på Leira som han meinte ville vere betre eigna. Cecilie Rørstad, som også er den aktuelle grunneigaren her, svarte berre at det var viktig at grunnen vart avgitt frivillig skulle ein få framgang i prosjektet.
Landbruksnemnda har tidlegare sagt nei til det aktuelle området, men har dei skifta meining no? Frå venstre Jostein Bjørdal og Olav Klokk.
Sentrale personar i spørsmålet om klyngetun på Sellereite på Leira. Frå venstre Jostein Bjørdal, grunneigar og prosjektleiar Cecilie Rørstad, Olav Klokk, Per Atle Røe, Gunnar Wangen, Kari Bjørnøy og Martin Foldal.
Det var ingen som ytra motstand mot arealet som var utpeika på Lessingane på Åkre på Bjørke. Også dette området ligg vakkert til og det føreslegne arealet er lite eigna som slåttemark. Minuset var ei høgspentline som går like forbu området, men denne var gammal og måtte nok snart utskiftast likevel. Kanskje kan den nye gravast ned forbi området, vart det spurt. Grunneigar for det aktuelle området på Lessingane er Ole Jørgen Mork.
Grunneigar Ole Jørgen Mork orienterer her frå venstre Olav Klokk, Cecilie Rørstad og Per Atle Røe.
Det er dette området mellom synfararane og kommunevegen nedanfor som er det aktuelle området for klyngetun på Lessingane på Åkre. Heilt til høgre er Oddhild Saure Bogen som møtte frå Hjørundfjorden bygdemobilisering og nr. tre få høgre er Ida Malen Skjåstad.
Under oppsummeringa på Bakkegarden etter synfaringa var det stor semje om å vere positive til prosjektet og at det måtte- og skulle finnast eigna område til klyngetun. Det var elles ingen som uttrykte konkret motstand mot dei to aktuelle områda siom vart synt fram.
Leiaren for Næringskontpret i Ørsta, Martin Foldal, nytta også høve til å snakke om turisme og dermed arbeidsplassar. Han var ikkje i tvil om at det burde satsast på små turistgrupper som var villige til å betale for det dei fekk servert både av mat og inntrykk.
Leiaren for Hjørundfjorden bygdeutvikling, Ivar Svein Mo, takka både for orientering, omvisning og ikkje minst servering. Til hjorundfjord.no uttrykkjer han stor glede over at den nye leiaren for Næringskontroet, Martin Foldal, allereie etter kort tid ser ut til å ha sett seg godt inn i forholda i Hjørundfjorden. Dette lovar godt, seier han. Til sluttar sender Mo ei stor takk til ordførar Hans Olav Myklebust som stilte M/S "Hjørundfjord" til disposisjon denne dagen.
Før synfaringa gav den framtidige eigaren av Bakkegarden (og evt. nabo til klyngetunet på Lessingane), kunstnaren Marita Bett Jensen, ei kort orientering om Bakkegarden.
Av Marita Bett fekk deltakarane på synfaringa også ei fantastisk servering.
Kommentarar
Kulturtilbud til barn og unge er viktig for utviklinga av bygdene.
Kulturhusa må vi også og halde ved like.
Eg var i Åsen tunet i går på idemyldring for
Dei Nynorske Festspela.
Norsk Lagsbruk vil at vi ungdomslaga skal delta meir i denne uka.
Kanskje kunne vi finne på noko på Bjørke også denne uka (onsdag 25. til søndag 29. juni.)var min tanke.
At det datt ut av nokon på møtet at alt kan no ikkje gå føre seg på Bjørke får no so vere.
Eg er i vert fall glad for alle aktiviteter som forgår her inne så får no andre ha si meining om det forgår for mykje her inne.
Eg skal i vert fall prøve å gjere mitt for å skape gode aktiviteter slik at folk kan trives på bygda.
Friskt mot, Perry, du står for ein støyt.
Eg er glad for det og vil jobbe vidare med det.
Vi skal vist snart møtest til kaffi og prat alle ungdomslaga (eg håper mange kjem)
Leiaren i Åsentunet ville vist by oss inn til kaffi.
Lagsbruk jobber med å få til eit samarbeid mellom Ørsta Kommune og ungdomslaga der vi skal engasjere oss meir i Dei Nynorske Festspela.
Eg blir nok oftere å sjå i Åsentunet.
Aktiviteter på Bjørke skal det bli.
Mange!!
Eg har gjort eit søk på "klyngetun" og kjem helst til det gamle og historiske.
Finst det lenkjer som kan vise døme på klyngjetun i moderne form?
Tanken om klyngjetun er spennande og skulle vere i flott utfordring til å finne ulike løysingar.
Eit klyngetun er eit lite byggefelt i jordbrukssamanheng som vil gje folk moglegheit å få busette seg i bygda å ta del i verdiane som er i forbindelse med dyr og gardsarbeid. I byane i dag er det mange som vil utav stress og kav og vil flytte til bygda, for å auke livskvaliteten sin. Eit klyngetun bør ikkje verte for stort og det var snakk om på synfaringa at ikkje meir enn 5 tomter på ein plass.
Eit klyngetun søker etter folk med ei heilt spesiell interesse og det er ikkje noko konkurranse med eit byggefelt. Eit byggefelt på Bjørke kan gå sin gong uavhengi av klyngetun.
Derfor blei det for mange år siden peika ut Holen som eit alternativ.
Her var en kar ute og for med kart over Holen for noko sida.(i år)
Eg fortalte om eiger forholda.
Han hadde fått flyfoto ol hos kommuna over Holen.
Trur han ville vekke til liv gamle planer.
Ellers så kan der vere fleire enslige tomter nede på Bjørkebakkene og Bjørkevikja.
Eigaren er etter det eg veit intrisert i å selge tomter.
Ellers så må det også vere lettere å få enslige tomter på flatlandet vist folk vil ha.
Desse små kviene som utgjer 2-4 avlesservogner med gras må kunne gå an å omgjere til tomter.
Vi treng no ikkje å bygge alle hus oppe i skråningene.
Ved Skjåstad var det også snakk om tomter en gang.
På Viddal bygg dei hytter ved sjøen.
Fin plassering.
Har blitt eit hytteområde der nå.
Det går an å få det til.
Kort vei til kulturhusa er det også.
Kulturaktiviteter er ikkje ei avsporing då man må også tenke på kort vei til desse tilboda.
Håper det då kjem gatelys frå Bruasletta til Åkre
og frå Åkre nede Bjørke.
Då kan alle ferdes trykt frå Klyngetunet til Kulturhuset og frå Åkre til sentrum på Bjørke.
Vi vil gjerne legge ut her ein liten del av det programmet, som arbeidsgruppa for klyngetun, i Hjørundfjorden bygdemoblisering har laga:
Røyndom og framtid på Bjørke
Bygda har ikkje daglegvarebutikk og næraste butikk er på Fyrde i nabokommunen Volda. Her går og ungane i barnehage og nyskulen der overtek for skulen på Bjørke. Køyretid er 20 min. til Fyrde, 40 til Volda og 50 min. til Ørsta.
Bjørke i hjartet av Sunnmørsalpane, er kultur- og naturmessig unik med gåavstand til Turistforeningshytta Tyssenaustet. Her er mange freda bygningar, butikkmuseum og ein landskjend telefonkiosk.
Me har også eige symjebasseng som vert flittig brukt av innbyggarane kvar einaste dag.
Naturen innbyr til aktivitetar heile året og me har mange aktive turgåarar på ulike nivå. Sandvolleyballbane vil det også verte om nokre år.
Rasikringstunellen mellom Bjørke og Leira og opninga av Eiksundsambandet i februar 2008 aukar jobbmoglegheitene.
I 2011 opnar Kvivsvegen og då vert mindre enn ein time til Hornindal og Stryn. Det at Kvivsvegen no er ein realitet har allereie gjort bygda meir attraktiv. Nokre av dei unge som har flytta attende til Bjørke, held fram at denne vegen er ein viktig årsak til at dei valde å flytte. Slike heimflyttingar gir ofte positive føringar for andre i same aldersgruppe – det har det òg gjort her på Bjørke.
Me trur at for dei som ynskjer å bu utanfor sentrum, men likevel med sentrumstilboda innan rekkevidde, er Bjørke ein aktuell stad. Dersom dei også set pris på friluftsliv og varierte turmoglegheiter, er Bjørke staden. Hjørundfjorden vert stadig meir annerkjent som reisemål. Kanskje kan nokre av dei nye innbyggarane i bygda, vere med på å utvikle dette reisemålet vidare?
Å etablere klyngetun på Lessingane på Åkre og på Sellereite får dei som ynskjer å bu på bygda utan å drive gard, ei spanande og inkluderande buform utan ansvaret og pliktene som drifta av ein gard gjev. Bygda får samstundes tilført fleire individ og ofte med nye idear og engasjement.
Det å busetje seg på ein gard der det framleis bur folk, meiner me vil gjere bygdeintegreringa mykje lettare for tilflyttarar som ikkje ættar frå bygda.
Klyngetuna søker dei som vil bu nær ein gard og oppleve nærleiken til dyra og gardsdrifta. Dette er andre menneske enn dei som busett seg i eit byggjefelt plassert lengst mogleg vekk frå gardane for å unngå gjødsellukt og traktordur.
Vi trur og at det å konsentrere busetnad rundt allereie eksisterande tun kan gje mindre nedbygging av dyrka mark enn dersom strategien er at det skal etablerast store tomter med avstand til eksisterande busetnad.
Skulen blir no vel opna igjen når det kjem familer med barn.
Kort vel til sentrum er viktig.
Eg trur nok at å få eige egen bil om 10-
20 ikkje er så vanlig som nå.
Kanskje må vi søke for å kjøpe bil.
Då er gang avstand viktig til sentrum.
Det kan bli eit fast turmål etter kvart.
Tyssaråsa skal vi så klart fullføre
Noko står igjen.
Har innhenta meldinger etter kvart i sommer på ting som står igjen å utbetre.
Etter oppsettet eg laget til då vi sende søknaden står det no litt igjen ennå.
Var mykje arbeid med søknaden
Alltid mykje som må følge med både oppsett på arbeid og på kostnader.
Men godtett blei søknaden heldigvis og penger fekk vi.
Men eg vil gjerne nytte høvet og seie kor gledeleg det er å sjå korleis portalen no vert nytta av talsmenn for Bjørke og deira interesser.
Som er i Hjørundfjorden sin interesse.
Perry!
Du er ein forfriskande talsmann, i så måte!
Det trur eg at vi kan sleppe.
Vent å sjå----
Vi har mykje å vise på Bjørke.
Eg har våre med på dugnad på det meste.
Eg var med Standal ofte når hus skulle ha nye tak og anna arbeid .
Det er alltid kjekt å gjere noko for bygda.