- Dette er nesten ikkje til å tru, sa Therese Lystad Holen i Bondalen Frilynde ungdomslag.  Ho sikta til alle dei unge som hadde møtt opp den første kvelden til den nystarta ungdomsklubben på Bondalen grendahus.  Då underteikna var innom ca. klokka 2130 var stemninga så høg at taket nesten ville lette.

Den som kom inn på grendahuset denne kvelden vart først møtt av høg musikk - akkurat slik det skal vere.  Ute i hallen var fleire samla rundt biljardbordet, rundt kortspelbordet og ikkje minst rundt bordet med fotballspelet.

IMGP1019 (Large)

Martin Dimmen(t.h.) og Thomas Straume spelar biljard.  Sivert Årseth er tilskodar.

IMGP1023 (Large)

Jakob Hauge Mo(t.v). og Marius Aarskog slår her dei to styremedlemane Yngve Frøland(t.h.) og Marius Riise ned i støvlane i fotballspelet.  Bjørnar Holen holen i bakgrunnen.

IMGP1033 (Large)

Stor aktivitet også rundt kortbordet.  Etter ansiktsuttrykka å dømme er det her snakk om poker.

Det som tydelegvis jentene sette mest pris på, var karaokeanlegget.  Det var sett opp i småsalen.  Mykje kunne tyde på at Hjørundfjorden snart har sin første "Idol"-deltakar på TV2.

IMGP1037 (Large)

"Eye og the Tiger" vert har avspelt på karaokeanlegget.  Frå venstre Nina Hustad, Anita Aklestad, Jonas Jelti, Hanne Stokke og Maria Kalvatn.

IMGP1038 (Large)

Og her har tre litt eldre ungdommar "sneke" seg med.  I bakgrunnen frå venstre:  Kåre Molvær, Therese Lystad Holen og Yngve Frøland.  Desse tre er styremedlemmar i BFUL.

No var det denne kvelden ikkje berre aktivitet i første etage på grendahuset.  Den som likar å spele bordtennis kunne gå opp på loftet.  Der var det eige bordtennisbord. 

IMGP1026 (Large)

Aktivitet også ved bordtennisbordet.  Frå venstre Elen Holen, Lisabell Hustad, Jon Martin Mo og Jakob Hustad

Theres Lystad Holen, som er ein av initiativtakarabe for å få starta opp ein ungdomsklubb, var i strålande humør denne kvelden.  At så mange møter opp er i seg sjølv eit godt teikn og lovar svært godt.  Medlemmane i ungdomsklubben vil møtast igjen allereie om 14 dagar - og vi i styret gler oss allereie, seier Therese.

Medlemmar, Therese?

- Ja, vi i styret meiner det er best om dei unge som vil vere med i ungdomsklubben vert medlemmar.  Medlemsavgifta skal sjølvsagt ikkje vere for høg - vi satsar på kr. 100,- i halvåret.

IMGP1044 (Large)

Styreleiar Therese(t.v.) var berre eit stort glis etter den første samlinga til den nystarta ungdomsklubben til BFUL.  I styret har ho med seg ein sambadansande Marius Riise, ein kuul Yngve Frøland, ei nygift Unn Frøland og luringen Kåre Moldvær.

hjorundfjord.no gratulerer Therese & Co med ein flott kveld.