Mellom 15 og 20 personar hadde trassa veret og funne vegen til Haukly. Desse fekk kjøpe seg mat og kaffe. Musikalsk underhaldning var det lite av, for verken dirigenten eller musikantane frå Saure og Skjåstaddalen kom seg til Haukly denne søndagen. Berre nokre få hundre meter frå Haukly, ved Ljøsåna, vart vi stoppa av stein, grus, jord, diverse vegetasjon, massevis av vatn og Mesta. På Haukly fekk dei som var der som best prøve å underhalde seg sjølve.

 

Vidare framover dalen såg det slik ut