Dette vart ein spennande kamp frå start til slutt. Etter at jentene tapte mot Herd forrige kamp, stod jentene med like mange poeng og ni mål dårlegare målforskjell..

Sidan Malene var sjuk og hadde fått speleforbud skulle Else Marie spele spiss og Hilde vere målvakt.
Det var mykje fint spel og veldig mange skudd som strauk forbi målstanga på feil side eller rett på keeper, men nokre gikk også inn!
I pausa leda jentene 5-0 og vi forstod at dette ikkje var umuleg.

8
Maren, Ragnhild og Kristine.

3
Under pausa, jentene leda 5-0 og snusa på kretsmesterskapstittelen!

Andre omgang starta dårleg, jentene var tydeleg nervøse, men etter ca. fem min. kom første målet og det vart mykje fint spel og mange sjansar.
Då kom også måla! Else Marie sette inn sigersmålet fem min før slutt og jentene leda 10-0!
Så kom nokre veldig nervepirrande min. Brattvåg pressa men ballen gikk ikkje inn og dommaren bles av kampen. 10-0 og jentene var kretsmesterar!

Måla kom ved Kristine, Maren, Sunniva og Else Marie. (Etter det eg kunne sjå.)
Trenar Roger Holen er kjempefornøgd med innsatsen gjennom heile sesongen og resultatet er som vi ser flott!
4
Maren, trufast tilskodar!

1
Malene kom og jublar saman med resten av jentene!

nye drakter2
Heile laget!
Bak: Grete, Solveig, Simone, Malene, Kristine, Hilde, Ingeborg og Bente.
Framme: Emilie, Mari, Maren, Ingeborg, Sunniva, Ragnhild og Dorthea.
Else Marie fremst.