Jentene har hatt ein fantastisk sesong der dei har vunne 11 kampar, spelt 1 uavgjort og tapt 1.
Å spele om å verte fylkesmeisterar er litt spesielt for jentene. Det er første sesongen deira som lag, og for enkelte første sesongen med fotball!

leikar
Krinsmeisterane våra! Blir dei også fylkesmeisterar?

Kampen går søndag 21.oktober kl. 16.00 på kunstgrasbana i Ørsta og motstandar er Bud!
Klubbutviklar i SFK, Magnhild Eikenes Kile vil stille opp med premie til spelarane på begge laga + ein pokal til vinnarlaget!

Sidan jentene representerar nesten heile kommuna, frå Håvoll til Hjørundfjorden, håpar og trur vi på mange tilskodarar og ein fabelaktig heiagjeng!

Vi har bestilt sol til søndag, iallefall opphaldsver så det er ingen grunn til ikkje å kome!