Arbeidet fullført

Nemnda har fullført arbeidet med planlegging og gjennomføring av Heimkomehelga på Urke i august. I siste møtet vart arbeidet evaluert og den økonomiske sida ved arrangementet vart gjennomgått.

Komitemøte 

Komiteen sitt siste møte var lagt til Ivergarden: Nelly Urke, Kjell Rønning, Torbjørn Urke, Jon Rønning og verten, Eldrid Øye. Fotografen, Per Urke, er bak kameraet.

350 deltakarar var heilt på grensa for det vi hadde plass til i teltet. Vandringane måtte bli skadelidande på grunn av elendig ver. "Tenk viss vi hadde hatt fint ver!" var gjennomgangsreplikk.

Vi var heilt avhengig av "frivillige hender" som kan hjelpe til under servering, montering og demontering. Det er grunn til å rette takk til alle desse!

Nemnda takkar alle deltakarane for frammøtet og for gode, konstruktive tilbakemeldingar!

IMG 2446(2)

Frå opninga: Kjell, Per, Torbjørn, Nelly og Eldrid. (Foto: Hallstein Stennes)

Økonomi i pluss

Økonomisk landa arrangementet på trygg grunn. Dei siste utgiftene er ikkje dekte pr. dato, men det er likevel klart at tilskipinga gir eit godt overskot.

Nemnda vil disponere overskotet på tiltak til beste for bygda. Det har lenge vore etterlyst eit gjestetoalett for veg- og sjøfarande.  Ønskjet er å få dette til i eller ved kaihuset på Urke-kaia. For å få dette i stand, må ein få til eit samarbeid med eigaren, Urke Kailag. Dersom det vert ein realitet, må ein også få i stand ei ordning som dekkjer drift og reinhald av toalettet.  Langt på veg heile overskotet ønskjer nemnda for Heimkomehelga å disponere til dette formålet.

Ein mindre sum skal brukast til å få produsert eit stor-foto (1,5 x 0,55 m) av forsamlinga som stilte opp framfor skuletrappa under opninga av Heimkomehelga. Fotoet skal monterast i Grendahuset. Dette fotoet er ikkje frigitt til bruk i portalen fordi "Møre-Nytt" har sikra seg einerett til bruk i julenummeret.

Fleire Heimkome-helger?

Under forutsetning av at det kjem i stand tiltak som nemnt ovanfor, anser nemnda sitt arbeid som avslutta.

Men det skal ikkje stikkast under ein stol at mange alt no har spurt om det ikkje vert oppfølgjing med eit liknande arrangement neste sommar.

IMG_2489(2)

Torbjørn Urke (Foto: Hallstein Stennes)

Nemnda har fullført oppgåva si, men diskuterte likevel uformelt om ikkje Grendalaget kunne bli oppfordra til å oppnemne ein komite som kan vurdere om liknande tilskipingar kan kome i stand.  Leiar i nemnda,Torbjørn Urke og andre i nemnda, drøfta litt kva som kunne vere aktuelt og det vart peika på behov for eit meir barne- og ungdomsvennleg arrangement der også den yngre generasjon kom meir i fokus!

Det synest å vere interesse og behov for slike bygdesamkomer. Kunne ein på ein langt "enklare" måte invitere til ei årleg "Urke-helg", tidfesta til slutten av ferien (eks. første eller andre helga i august), der ein kunne legge det inn i ferieplanen og inkludere eit slikt arrangement? Grendahuset kunne danne ramme for tilskipinga. Torbjørn Urke er ikkje framand for at medlemmer i nemnda kan vere villig til å bistå om ein får spørsmålet!